Flott minnekonsert etter Otto Furholt

Det var spelemannen Gunnar Stubseid som stod for samansetninga av minne-konserten etter Otto Furholt. Stubseid leia også programmet under sjølve konserten sist fredag kveld.


Minnekonserten etter spelemannen Otto Furholt i soknehuset på Rysstad sist fredag vart ei høgtideleg og flott markering, der om lag 130 menneske møtte opp.
­ Eit skikkeleg A-lag innan folkemusikk, kallar leiar i Setesdal spelemannslag, Sigurd Brokke, dei som deltok frå scenen.
Vidar Lande, Gunnar Stubseid, spelemannslaget Knut Heddis Minne, Hauk Buen, Leif Rygg, Halvdan Furholt og mange fleire sytte for ein kveld å minnast, og ein makelaus start på Setesdalskappleiken 2005,
då dei heidra spelemannen som døydde i vår.

Setesdølen


Kontakt oss

Aust-Agder musikkråd
Postboks 240
4802 Arendal

E-post: aust-agder(a)musikk.no
Tlf 37 00 55 48

VIS KONTAKTSKJEMA OG KART