Årsmøte i Austevoll musikkråd.

Årsmøtet i Austevoll musikkråd vert avvikla torsdag 16. februar kl. 18.00 i kantina på kommunehuset. Alle medlemslaga kan melde på to delegater og så mange medlemmar ein vil som tilhøyrarar. Påmelding kan gjerast ved å sende ei melding til musikkrådet eller sekretær. (Sjå under Kontakt oss!).

Fristen er eigentleg gått ut, og påmelding må gjerast snarast så vi veit kor mange som kjem. Helsing styret.

08.02.2012

Talentfulle ungdomar synte seg fram på UKM!

dscn1151.jpg

18 austevollsungdomar frå 10 til 18 år synte fram sine talent innan musikk og dans under UKM på Storebø i Austevoll laurdag 28. januar!

Det vart eit flott arrangment i ein nesten fullsett kultursal!

Her var det både nybyrjarar og ungdomar som har vore med fleire gonger før, og alle framførte innslag av høg kvalitet og med personleg særpreg.

Juryen hadde inga lett oppgåve då dei skulle velje ut 5 av dei 14 innslaga som skulle gå vidare til fylkesmønstringa i Grieghallen 14. og 15. april.

13.10.2011
les mer...

Samarbeidsprosjekt: Opera i Austevoll?

Det viktigaste prosjektet til Austevoll Musikkråd i tida framover er å prøve å til ei operaframsyning i Austevoll, i samarbeid mellom Den Norske Opera i Oslo og deira profesjonelle songarar og musikarar, og kor, songgrupper og songarar frå Austevoll!

Utover hausten vil vi ha møte med representant for Den Norske Opera for å finne ut om dette er noko vi kan få til!

Og så er det fint om du, dersom du har meiningar om dette, skriv nokre ord under "Kontakt oss" til høgre på sida!

Les vidare for å sjå e-post/brev som vart sendt til alle medlemslaga 28. september om dette.

les mer...

Kulturkalender

Vi vil oppmode medlemslag og arrangørar til å nytte kulturkalenderen vår!

Send melding til oss eller legg arrangementet inn sjølv! Registrering og rettleing under Kulturkalender i menyen til venstre!

Utviklet av Renommé Communication