Handlingsprogram for Austevoll musikkråd
Her er handlingsprgrammet vårt for 2011:
- Ta i bruk Austevoll Musikkråd si eiga nettside www.musikk.no/austevoll som eit verktøy og ein informasjonskanal for heile kulturlivet i Austevoll.
- Få informasjon om Liv&Lyst-prosjektet og kva det går ut på, og vidareformidle denne informasjonen til medlemslaga i musikkrådet.
- Undersøkje om det er mogeleg å få gjesteframsyning frå Den Norske Opera til Austevoll.
- Arrangere Ungdommens kulturmønstring i Austevoll, i lag med kulturskulen, og på sikt, Ungdommens kommunestyre.
- Ta opp med lokalavisa korleis dekkinga av det lokale kulturlivet kan bli betre.
- Oppfordre laga til å kome med innspel til musikkrådet om felles arrangement og tiltak.



