Talentfulle ungdomar synte seg fram på UKM!

18 austevollsungdomar frå 10 til 18 år synte fram sine talent innan musikk og dans under UKM på Storebø i Austevoll laurdag 28. januar!
Det vart eit flott arrangment i ein nesten fullsett kultursal!
Her var det både nybyrjarar og ungdomar som har vore med fleire gonger før, og alle framførte innslag av høg kvalitet og med personleg særpreg.
Juryen hadde inga lett oppgåve då dei skulle velje ut 5 av dei 14 innslaga som skulle gå vidare til fylkesmønstringa i Grieghallen 14. og 15. april.
Dei som gjekk vidare, var:
Ingelinn Hausberg, Kenneth Hausberg og Jakop Hauge med "Rolling in the deep"
Sigvart Gloppen med "Vår og vinter"
Elida Waage og Ole Marius Moss Waage med "Someone like you"
Vincents B. Veivåg med "Rock-mix"
Renate og Hans Arvid Naustheller med "Vienna"
Sjå flere bilete og videoklipp her:



