![]() |
Velkomen til Bømlo kulturnettverk!Bømlo kulturnettverk er ein paraplyorganisasjon for alle kulturaktiviteter på Bømlo. Me har som visjon å løfte fram det flotte kulturlivet på Bømlo, me skal samordne opplæring og rekruttering samt arbeide for å styrke samarbeidet mellom medlemsorganisasjonane om større arrangement. |
![]() |
Google, ei gratis gåve til det frivillige organisasjonslivet!Ein skulle nesten tru at dette er reklame for Google, men sanninga er at det som Google tilbyr gjer det enklare å drive frivillig arbeid, anten det er snakk om kultur, idrett eller andre typar frivillig verksemd. Utfordringa for mange lag og organisajoner er kommunikasjon, kunnskapsoverføring frå tidlegare medlemmer og styrer, oversikt over kva som skjer, også vidare. Dette er også kjerna og nøkkelen til det som Google tilbyr heilt gratis. Google tilbyr e-post, kalender, dokument, nettsider, kontaktar, arkiv for filer, etc. Det er nesten berre fantasien som set grenser, men poenget er at etter at ein har teke i bruk Google sine løysningar, så er ein ikkje lenger så avhengig av den einskilde ressurs sin hard disk og fysiske permar. I staden har ein eit felles system som ein kan lære opp nye medlemmar i som føl organisasjonen i alle faser, år etter år. Denne artikkelen er meint som ein liten innføring i det som Google tilbyr. Klikk her for å lære meir... les mer... |
Bømlo kulturnettverk på facebookDet er ting som tyder på at facebook er komen for å bli.... Omtrent som internett :-) No er me der óg! Besøk oss og på facebook og bli tilhengar du óg! |
Bømlo JazzklubbBli med i Bømlo Jazzklubb! Klubben vart starta laurdag 5. desember 2009 med 19 medlemmer og dei er no i gong med booking av konsertar. Medlemskapet er gratis, og du vil motta informasjon om konsertar og andre tiltak i Jazzklubben på e-post. Meld deg på til hanne.jacobsen@bomlo.kommune.no Sjå også informasjon på Bømlo kulturhus sine sider, her .
|
Nyhetsarkivles mer... |






