Eldsjelprisen
Bakgrunn
Det er mange som gjev av seg sjølv blant lag og organisasjonar som sorterer under paraplyen til Bømlo kulturnettverk.
Det er ei god dugnadsånd som driv dei fleste organisasjonane våre i dag og mange nyttar store delar av fritida si for at både utøvarar og publikum skal få store og små kulturopplevingar å glede seg over.
Nokre personar har utmerka seg på ein ekstraordinær måte, med vilje og innsats som det står stor respekt av.
Bømlo kulturnettverk ynskjer å heidre desse personane som gjer ein stor jobb for det frivillige kulturlivet på Bømlo.
Formål
- Prisen skal vere ein inspirasjon for personar som ved sitt engasjement og sin innsats for det lokale kulturlivet på Bømlo gjer ein framragande jobb innan det frivillige kulturlivet i organisasjonar som fell inn under Bømlo kulturnettverk som paraplyorganisasjon, slik at dei kan arbeide og utvikle seg vidare.
- Prisen skal også vere ein takk og ein anerkjenning av personar som ved sitt engasjement og sin innsats for det lokale kulturlivet på Bømlo gjennom fleire år har gjort ein framragande og ekstraordinær jobb.
Forslagsrett
Det er det sitjande styret i Bømlo kulturnettverk som avgjer kven som får prisen basert på innkomne eller eigne forslag.
Det er ikkje mogleg å søkje om å få prisen.
Frist
Frist for innsending av forslag er 20. oktober.
Fristen vert kunngjort i lokalavis og på kulturnettverket si heimeside.
Tildeling
Styret i Bømlo kulturnettverk avgjer kvart år om prisen skal delast ut og kven den skal tildelast.
Eldsjelprisen består av ein personleg karikatur og eit gåvekort på kroner 5000.
Offentleggjering og utdeling av prisen vil finne stad ved passande høgtidleg høve.
Medlemsoversikt
For informasjon om lag og organisasjonar som høyrer inn under Bømlo kulturnettverk, sjå medlemsoversikt.



