Handlingsplanar for Bømlo kulturnettverk
På kvart årsmøte vedtek ein premissane for kva styret i Bømlo kulturnettverk skal jobbe med i året som ligg føre ein.
Handlingsplan for Bømlo kulturnettverk 2010/2011
- Det vert arrangert "Kulturveko 2010" i veke 43 for å feire at Bømlo kulturhus er 5 år. Her vil me vise fram vårt mangfaldige og flotte kulturliv.
- Arbeida aktivt for å få driftsstøtte frå Bømlo kommune.
- Formidle relevant informasjon og vera ein kunnskapsbase og informera om støtteordningar.
- Arbeida aktivt opp mot politikarane i kommunen mellom anna for å få betre rammevilkår for bruk av kulturhusa til lokale kulturarrangement.
- Arbeida aktivt for å rekruttera nye medlemmer.
- Vedlikehalde nettsida til kulturnettverket.
- Representasjon dersom medlemslag har jubileum eller spesielle arrangement.
- Oppfordre medlemslaga om å sende kopi til kulturnettverket med informasjon om arrangement for vidareformidling til medlemmane.
- Etablere facebook gruppe.
- Vidareføre Blow Out.
- Jobbe aktivt for at medlemslaga nyttar kulturnettverket.
|
Handlingsplanar for Bømlo kulturnettverk
Her finn du ein oversikt over tidlegare vedtekne handlingsplanar.
les mer...
|