Nyhetsarkiv
Her finn du tidlegare publiserte artiklar og nyheter på bomlokultur.no
Klare for NM janitsjarFredag 8. april set 44 musikarar i Bømlo Janitsjar kursen mot Trondheim og NM for janitsjarkorps. BJ skal delta i 5. divisjon med Music for a Festival av Philip Sparke. Korpset skal i elden klokka 09.00 laurdag morgon. Det er rekordstor deltaking på årets nm, 94 korps med over 4000 musikantar skal delta i 7 divisjonar. |
Vårkonsert Meling & Våge samarbeidskorpsFørstkomande søndag 3. april klokka 16:00 inviterer Meling & Våge samarbeidskorps til vårkonsert på Meling skule. Det vert program ved Meling & Våge samarbeidskorps, ensemble, juniorar og aspirantar. I tillegg får me besøk av Meling barnekor og det lokale melingbandet Headbreakers! Som vanleg vert det servering av gode kaker og kaffi! Vel møtt! |
Bømlo Kormix i AmfitimenKomande søndag (3. april) klokka 17:00 syng Bømlo Kormix våren inn i Moster Amfi. På programmet står alt frå gamle stev til religiøse klassikarar! Vel møtt! |
Meling og Våge samarbeidskorps gjorde "reint bord"Søndag 20. mars deltok Meling og Våge samarbeidskorps på småkorpskonkurransen i Førde. Her kom samarbeidskorpset heim med heile 3 av dei gjevaste prisane! Solistprisen gjekk til Anette Sakseide som spelte vakker euphonium på "Angels". Prisen for høgast musikalsk poengsum gjekk til Meling og Våge samarbeidskorps med 84 av 100 moglege. 1. plass i konkurransen totalt der ein talde saman musikalske poeng og underhaldningspoeng gjekk også til Meling og Våge samarbeidskorps. Også juniorkorpset og ensemblet var med i konkurransen. Båe desse gruppene fekk flotte omtalar av dommarane. Det var ein gjeng med stolte og lukkelege musikantar (og foreldre) som reiste heim frå korpskonkurransen sundag ettermiddag. |
![]() |
Skulekorpsa på Bømlo i aksjon i helgaSist helg var ei aktiv helg for skulekorpsa våre. HordablæstenMoster skulekorps og Rubbestadneset/Svortland samarbeidskorps var med på Hordablæsten i Bergen og kom heim med flotte resultat. Moster fekk 4. plass i klassen for brassband (3dje divisjon) medan Rubbestadneset/Svortland fekk 2. plass i klassen for janitsjar (3dje divisjon). Også ensembla og solistane til desse korpsa gjorde det bra. Alle resultata finn de her. Sjå artikkel på Sunnhordland.no. Seminar med Brazz Brothers
Meling/Våge samarbeidskorps var på seminar med Brazz Brothers på Fitjar. Dette var utruleg kjekt og lærerikt. Sjå artikkel på Sunnhordland.no. Der finn de også ein liten filmsnutt frå dette seminaret. |
![]() |
Jubileumsshow!No er me komt til den store finalen av kulturveko! I kveld klokka 19 vil det bli servert eit forrykandes show med Havdur, Ole Bergesen, Nina Sele med Bukkerittet, Brynjar Stautland, Bømlo Kormix og Møllo Blues Band i hovudrollene. I tillegg vil me dele ut årets eldsjelpris. Dette vert kanskje også det siste høve til å få oppleve det smått legendariske Møllo Blues Band... Så ta med deg ungar, venner, onklar, tanter, bestemødre og bestefedre, mammer og papper og bli med på avslutninga av kulturfesten kulturveko! |
![]() |
Kulturhusrock på laurdag 30.10!På laurdag inviterer med til rockeaften i kulturhusets Foajé klokka 20:00. For å treffe ei breiare gruppe av ungdommar har me valgt å fjerne aldersgrensa på Kulturhusrock, men me oppfordrar føresette til også å komme og delta på arrangementet dersom dei har ungdom som er under 15 år og som har lyst til å gå på Kulturhusrock. Arrangementet kostar 50 kroner inkludert kinoen Trolljeger. NB! Filmen vil også vere open for andre etter konserten til vanleg billettpris (80/90), slik at det er kun dei som går på kulturhusrock som får sponsa kinobillett! Me oppfordrar herved om å la jungeltelegrafen gå slik at me får fullt hus på laurdag! Det vert fleire lokale band som deltek, blant anna Wotankeld, Sons of Retards og eit Commitments band! Etter konserten vil det vere høve for å få med seg den nye storfilmen Trolljeger (11 års aldersgrense)! |
![]() |
Program kulturveko 2010Her er programmet for kulturveko. Klikk her for detaljar. Meir informasjon finn de på bomlokulturhus.no. Me gler oss! |
![]() |
![]() |
Eldsjelprisen 2010Det er mange som gjev av seg sjølv blant lag og organisasjonar som sorterer under paraplyen til Bømlo kulturnettverk. Les meir om statuttane her. Frist for forslag er 20. oktober. Utdeling av prisen vil i år vere på kulturveko sitt jubileumsshow, søndag 31. oktober. |
Kulturveko 2010Me er no inne i ei spanande fase med nedteljing og detaljplanlegging av kulturveko. Følg med på desse sidene etterkvart som me legg ut meir og meir informasjon om dei ulike arrangementa!
|
![]() |
Vil du bli med i Bømlo Musikallaug sitt We Will Rock You prosjektkor hausten 2010?Sjå plakat for meir informasjon og påmelding! NB! Frist for påmelding er 20. august! |
![]() |
Bømlo Kormix er 15 år!Søndag 25. april feirar Bømlo Kormix seg sjølv i Bømlo kulturhus. Me føyer oss i rekkjene av gratulantar og oppmodar alle om å kjøpe billett her. |
Vellukka kulturkonferanse i Bergen 12-13. mars 2010Helga 12-13. mars arrangerte Hordaland Musikkråd konferanse for lokale musikkråd og kulturnettverk. Det var ein inspirerande og nyttig konferanse der me fekk bygga nyttige nettverk samtidig som me fekk bekrefta at me er på rett vei med kulturarbeidet vårt. Les meir om konferansen og last ned presentasjonane på Hordaland Musikkråd sine sider, her. |
Gode resultat for Bømlokorpsa i Hordablæsten 2010No i helga var Moster skulekorps, Meling og Våge samarbeidskorps og Svortland og Rubbestadneset samarbeidskorps med i Hordablæsten i Grieghallen i Bergen. les mer... |
![]() |
Bømlo Janitsjar til NMFredag den 19. mars reiser vel 40 musikarar til Trondheim for å delta i Noregsmeisterskapen for Janitsjarkorps. Aldri før har så mange delteke i NM, 89 korps og flerie tusen musikarar stiller i fem divisjonar og ein open klasse, og aldri før har me reist så mange frå Bømlo. Me er spente og gler oss til turen og konkurransane. les mer... |
Presentasjon for utval for oppvekst, kultur og idrett26.1.10 var me og presenterte oss for politikarane i utval for oppvekst, kultur og idrett. Link til presentasjonen finn du her. Litt medieomtale har me også fått, les artikkel i Sunnhordland. |
![]() |
Vil du bli med i Bømlo Musikallaug sitt ABBA prosjektkor våren 2010?Bømlo Musikallaug har lenge hatt lyst til å arrangere eit prosjektkor for dei som ynskjer å vere med på eit mindre prosjekt som berre tek to helgar no i vår. Sjå plakat for meir informasjon og påmelding! NB! Frist for påmelding er 15. februar! |














