Verkty

For å drive lag og organisasjonar må ein ha på plass ein struktur som stettar opp om verksemda.

Bømlo kulturnettverk ynskjer å bidra til at det å drive lag og organisasjonar vert enklare og meir morosamt. Friviljug arbeid er lærerikt og sosialt. Gode verktøy er halve jobben:

  • Me ynskjer å gjere det lettare å overføre kunnskap og kompetanse til nye styrer
  • Me ynskjer at kjerneaktivitetane skal få første prioritet, ikkje "papirarbeidet"
  • Det sosiale aspektet er viktig for å skape trivsel og aktivitet

I denne seksjonen finn de ulike dokumentmalar og informasjon som me håpar kan vere til hjelp!

01_opprettgmailkonto.png

Google, ei gratis gåve til det frivillige organisasjonslivet!

Ein skulle nesten tru at dette er reklame for Google, men sanninga er at det som Google tilbyr gjer det enklare å drive frivillig arbeid, anten det er snakk om kultur, idrett eller andre typar frivillig verksemd.

Utfordringa for mange lag og organisajoner er kommunikasjon, kunnskapsoverføring frå tidlegare medlemmer og styrer, oversikt over kva som skjer, også vidare.

Dette er også kjerna og nøkkelen til det som Google tilbyr heilt gratis. Google tilbyr e-post, kalender, dokument, nettsider, kontaktar, arkiv for filer, etc. Det er nesten berre fantasien som set grenser, men poenget er at etter at ein har teke i bruk Google sine løysningar, så er ein ikkje lenger så avhengig av den einskilde ressurs sin hard disk og fysiske permar. I staden har ein eit felles system som ein kan lære opp nye medlemmar i som føl organisasjonen i alle faser, år etter år.

Denne artikkelen er meint som ein liten innføring i det som Google tilbyr. Klikk her for å lære meir...

les mer...

Kva motiverer oss?

Helge Tryggeseth, leiar i Gran musikkråd, har skrive om lykkerekneskapet. Anbefalt lesning!

Å starte ein ny organisasjon

Frivillighet Norge har laga ein god veiledar for dei som er i startgropa på etablere ein organisasjon. Les meir her .

Styrearbeid

Ein viktig del av å drive eit lag eller ein organisasjon er å ha eit velfungerande styre.

Her er nokre tips og tankar rundt praktisk styrearbeid .

Bømlo kulturnettverk | Postboks 217 | 5445 Bremnes | bomlokultur.no

Utviklet av Renommé Communication