Google, ei gratis gåve til det frivillige organisasjonslivet!

Ein skulle nesten tru at dette er reklame for Google, men sanninga er at det som Google tilbyr gjer det enklare å drive frivillig arbeid, anten det er snakk om kultur, idrett eller andre typar frivillig verksemd.
Utfordringa for mange lag og organisajoner er kommunikasjon, kunnskapsoverføring frå tidlegare medlemmer og styrer, oversikt over kva som skjer, også vidare.
Dette er også kjerna og nøkkelen til det som Google tilbyr heilt gratis. Google tilbyr e-post, kalender, dokument, nettsider, kontaktar, arkiv for filer, etc. Det er nesten berre fantasien som set grenser, men poenget er at etter at ein har teke i bruk Google sine løysningar, så er ein ikkje lenger så avhengig av den einskilde ressurs sin hard disk og fysiske permar. I staden har ein eit felles system som ein kan lære opp nye medlemmar i som føl organisasjonen i alle faser, år etter år.
Denne artikkelen er meint som ein liten innføring i det som Google tilbyr. Klikk her for å lære meir...
Merk at skjermdump kan vere forskjellig frå det du ser på din skjerm sidan Google stadig vidareutviklar sine løysningar, men prinsippet og innhaldet som er vist i denne artikkelen er stort likt. Merk også at eksempelet som er valgt er fiktivt og ikkje i bruk, men det er eit godt døme på korleis Google kan brukast.
Alle funksjonar til Google er nettbaserte, det vil seie at dei fungerer via ein nettlesar (Internet Explorer, Firefox, Chrome, etc.). Dette betyr at ein ikkje er avhengig av å installere lokale program på sin eigen pc. Dette gjeld også for all informasjonen som ein opprettar og lagrar.
Opprette ein Google konto
Ein startar med å opprette ein e-post konto på gmail.com.
Trykk på knappen "Opprett en konto" og følgjande bilete kjem opp.

Fyll inn dei påkrevde opplysningane, påsjå at passord er sterkt nok og bli enige i styret om korleis de vil passe på og hugse passordet. Skjermbiletet under viser resten av informasjonen på registreringssida.
Trykk på "Jeg godtar dette. Opprett kontoen min." for å opprette din nye e-post.
Om alle naudsynte opplysningar er fyllt inn, så skal ein få opp biletet ovanfor. Trykk på "Vis meg kontoen" for å sjå korleis e-postsystemet ser ut. Biletet under viser at ein er i ferd med å logge seg på e-post kontoen som ein akkurat har oppretta.

Gmail e-post klient
Biletet under viser korleis e-posten til Google ser ut.

Kalender
Neste steg er å sjå på kalenderfunksjonen. Denne finn ein ved å klikke på "Kalender" øverst i menyen.

Fyll inn naudsynte opplysningar og klikk på "Fortsett".
Biletet ovanfor viser korleis kalenderen ser ut. Det er anbefalt å gjere nokre innstillingar, sjå under.

Dokument
Neste steg er å kikke nærmare på dokumentfunksjonane. Desse får ein tilgong til ved å velgje "Dokument" i den øverste menyen.

Som biletet ovanfor viser så kan ein her opprett dei fleste typer dokument.
Også for dokumenta er det anbefalt å gjere nokre mindre innstillingar, sjå biletet under.

Heimesider (nettsted)
Det siste avsnittet i denne artikkelen skal handle om det som Google kaller ein nettstad. Dette finn ein også i den øverste menyen som "Nettsteder".
Me byrjar med å klikke på knappen "Opprett nettsted".

Først vel ein den malen ein vil bruke, om ein ønsker eit spesielt tema (fargar m.m.) og diverse anna basisinformasjon.

Deretter klikker ein på "Opprett nettsted" og ein får då fram eit liknande bilete som vist under.

Då er det berre å byrje med å skrive tekst og lage innhald...

For å lage ei ny side, trykkar ein på knappen "Opprett side" (plussteikn).

Ein vel då igjen mal for sida, namn på sida og kvar den skal plasserast relativt på sida.
Ein kan også bestemme om nettsida ein har oppretta skal vere offentleg eller om ein er nøydd til å logge seg inn på sida med brukarnamn og passord. På den måten kan ein enkelt opprette ei offentleg side og ei intern side som ein f.eks. bruker til drift av organisasjonen.
Tilgong styrer ein frå menyen "Flere handlinger > Del dette nettstedet".

Bilete under viser dei ulike delingsinnstillingane.

For å administrere nettsida går ein til "Flere handlinger > Administrer nettsted".
Når ein har gått inn på administrasjonssida, kan ein også endre andre innstillingar for nettsida, f.eks. korleis navigasjonen skal sjå ut (topp eller side), topptekst, bunntekst, m.m.

Biletet under viser korleis ein lagar ein liggjande navigasjonslinje.

Og slik vert resultatet av dei innstillingane ein gjorde i bileta ovanfor.

Avslutningsvis...
Dette har vore ein kjapp innføring i nokre av dei mange moglegheitane som Google tilbyr. Om laget ditt investerer litt tid i å bli kjent med Google, så vil ein 100% sikkert få ein organisasjon som er enklare å administrere og drive og ikkje minst meir tilrettelagt for å overføre kunnskap til nye krefter som kjem til.
Det er også oppretta ei PDF fil som de kan skrive ut der det finn dei same skjermdumpa som er vist i denne artikkelen. Den kan kanskje vere til hjelp som personlege notat.
Denne PDF fila finn de her.




