Telemark Musikkteater (TMT)

TMT er eit tilbod om musikkaloppsetting for ungdom mellom 16 og 26 år (kan delta det året dei fyller 16 år / 27 år) Første oppsettinga vert ein fullversjon av HAIR og rundt 25 ungdommar øver i desse dagar inn musikalen i Midt-Telemark.


Heile opplegget er eit stort spleiselag mellom fylkeskommunen som den største bidragsytaren, og kommunar, utviklingsselskap, bankar og andre sponsorar..
Det er søkt mange instansar om tilskot, og pr. i dag er det kome inn tilsagn om ca. 600.000 kr. av eit budsjett på ca. 1 mill.
Tanken vår er at deltakarane skal få dette som eit gratistibod, og berre dekke utgiftene til reise til og frå alle øvingane og framføringane av eiga lomme.

Prosjektleiing: Telemark kulturnettverk.

Styringsgruppe: Roar Bøye (prosjektleiar), Kjell Stundal (dagleg leiar Telemark kulturnettverk), Rune Håndlykken (styremedlem Telemark kulturnettverk)

Du finn meir info under menypunktet Telemark Musikkteater i venstremargen.

Arrangørar: Telemark kulturnettverk og Seljord folkehøgskule

Oppdatert:
av Heidi E. Vege