Kulturlivet er lei av "å spela på grusbane"
Etter nær 20 års arbeid med nye kulturbygg på heiltid ser eg nokon klare drivkrefter bak dei mange nye kulturarenaene. Det handlar først og fremst om at kulturlivet saknar gode arenaer for øving og framføring, at småbyen eller bydelen treng gode inkluderande møteplassar og at "kulturhuset" blir ei felles sak for kulturliv, næringsliv og lokalpolitikk i arbeidet med auka konkurransekraft, betre omdømme og satsing på kulturnæringar.
Dette skriver Rune Håndlykken, rådgiver i Kulturhusplan.
Når det i media har vore ein del fokus på nye kulturhus som "slit", gjeld det helst reine formidlingsarenaer med ein eller to "salar" og ikkje "multiarenaene" der bibliotek, øvings- og aktivitetslokale for alle, kulturproduksjon og framføringsarenaer for musikk, teater, biletkunst og film er samla. Det er alt for enkelt når media har hatt fokus på problema ved nokre få slike "prestisjebygg", og i mindre grad ser breidda i tilbod og behov som ligg til grunn for dei mange nye kulturhusa.
Kulturhus er eit lite klart definert omgrep i Noreg. "Kulturhuset Stockholm" (1974) er "morhuset" og er det dei no i Sverige kallar ein multiarena midt i byen med arrangement, samtidskunst, kulturverkstader, to spesialbibliotek bl.a. "rum for barn", aktuell debatt m.m. og 3 mill. besøk kvart år (www.kulturhuset.se). I Noreg og Danmark er "kulturhus" no alt frå "ein sal" til ekstreme multiarenaer som også omfattar vaksenopplæring, kyrkjekontor, frivilligsentral og private kulturnæringar. Omgrepet inneber her alt frå samling av alle allmenne kommunale kulturtilbod på ei stad under ei leiing ( som t.d. Lyngdal og Ørland ) til signalbygg og konserthus for institusjonar som prestisjebygga i Kristiansand, Stavanger og Bodø.
Fram til midt på 90-talet var kulturbygga i Noreg utanom dei største byane med få unntak samfunnshus, folkets hus og kinobygg som i dag er 40 - 60 år gamle. Tronge scener med dårleg sikt, vanskeleg innlasting av utstyr og garderobar som så vidt fungerte for Riksteatret, men som ofte blir ubrukeleg når kulturskulen, ballettskulen eller kulturlivet no lagar store produksjonar med over 100 aktørar. Akustikken er ofte dårleg og sceneteknikken forelda i kombinasjonssalar som skulle dekke både teater, kino, konsertar og samstundes vere gymsal og treningslokale for idretten. Medan idretten i mange mellomstore kommunar og regionar no har fått på plass både fleire handballhallar og fotballhall, opplever kulturlivet at dei framleis må "spele på grusbane".
Statlege tilskott (spelemidlar) har politisk vore brukt som stimulans heilt frå dei første samfunnshusa. For mange i kulturlivet er det frustrerande at alle kulturstatsrådar dei siste 15 åra har hevda at det blir bygd for mange store bygg, medan dei einaste som har fått vesentlege statlege tilskott ( 150 - 400 mill. til kvart prosjekt) er desse prosjekta til 1 milliard eller meir (Kristiansand, Stavanger og Bodø). Dei andre må kjempe og vente for å få mellom 10 og 25 mill. i spelemidlar, ofte mindre enn 10% av kostnaden. Når kulturorganisasjonane reagerte så sterkt på Noregs Idrettsforbunds sitt initiativ om endra "tippenøkkel" i vår, var hovudgrunnen at ein kan dokumentere at tilskotta til idrettsanlegg alt har auka kraftig samanlikna med spelemidlane til kulturbygg. I 1994 var spelemidlane til idrettsanlegg i kommunane ca. 3,5 gongar større enn til kulturbygg. Siste åra har samla tilskott til idrettsanlegg vore meir enn 10 gongar så store. Kulturlivet opplever eit langt større "etterslep" enn idretten når det gjeld brukbare lokale for undervisning i kulturskulane, øvingslokale for musikklivet, produksjonsarenaer for frie grupper og samarbeidsprosjekt, moderne bibliotek og gode formidlingslokale.
Eit anna utviklingstrekk i den samanhengande høgkonjunktur det siste tiåret, har vore auka fokus på byutvikling og konkurranse om ungdom, studentar og kompetanse. Ein har sett at satsing på kulturbygg synes å ha vore positivt i andre regionsenter som var tidleg ute ( Førde, Tynset, Ål, Sogndal). Når barnehageplass ikkje er konkurransefortrinn lenger, blir betre og breiare kulturtilbod ikkje minst for barn og unge og gode kulturelle møteplassar satsingsområde. Fylkeskommunar med store ambisjonar som regional utviklingsaktør har også sett potensialet og har siste åra gått inn økonomisk i fleire prosjekt også utan om dei få store konsert/ teaterhusa. Vest-Agder, Østfold, Sør-Trøndelag, Hedmark og no også Nordland bidar med betydelege investeringstilskott av eige budsjett ut over prioritering av spelemidlar. Næringslivet går også mange stader tungt inn både som pådrivar og/ eller sponsor for å få realisert desse nye arenaene (eks. Lillestrøm, Kolbotn, Arendal, Haram, Larvik, Svolvær, Sortland) fordi dei ser det som nødvendig felles infrastruktur (Sjå www.kulturfabrikkensortland.no). Auka mobilitet (flytting, innvandring, familiestruktur) gjer at t.d. bibliotek, kulturskule, kino og serveringstilbod i ein multiarena kan bli den mangfaldige og viktige møteplassen for mange. Spesielt ser vi det på den enorme auken og breidda i besøk og aktivitet i dei beste nye biblioteka i kulturbygg som ligg godt plassert "midt i straumen" i småbyen. Kor stor effekt samlokaliseringa har på auka bruk og besøk "på tvers" av tilboda veit vi lite om, men her blir det spennande å sjå resultata av eit doktorgradsarbeid i Danmark om dette som er under arbeid.
Men det manglar for ofte kompetanse for å få maksimal bruk og utnytting av investeringane i nybygg og ombygging. Det blir heller ikkje lagt nok ressursar i organisasjonsutvikling slik at nybygget blir den brekkstanga i fornying av kommunes kulturverksemd på tvers av gamle strukturar som ofte trengs for optimal drift.
Kulturlivet er lei av å spele på grusbane! Samspel med næringsliv, satsing på byutvikling / attraktivitet / kulturnæringar og lågt rentenivå for kommunane, synes å vere viktigaste drivkreftene i den aktiviteten vi ser no.
Artikkelen står på trykk i siste utgave av Stat og styring og er publisert etter avtale med forfatteren.
Rune Håndlykken har lang erfaring som rådgjevar for planlegging og utvikling av kulturbygg. Han arbeider både med bl.a. innhaldsutvikling og romprogram for nye kulturbygg og med opprusting av eksisterande bygg. Kulturpolitisk arbeid omkring kulturbygg og spelemidlar var han aktiv med i mange år gjennom Nasjonalt forum for kulturarenaer. Dette har vore eit fast samarbeid mellom Norsk Teaterråd, Norsk Musikkråd, NOKU (Norsk kulturforum), Norsk kulturhusnettverk og NOK (nettverk for organisasjonseigde kulturbygg).
