Kontakt oss

Norsk musikkråd
Telefon: 22 00 56 00
E-post: nmr@musikk.no

PB 4651 Sofienberg
0506 OSLO

VIS KONTAKTSKJEMA OG KART

Sogn og Fjordane musikkråd vart stifta 27. mars 2012

p1000380-b.jpg
Ungdom frå Jølster Kulturskule, "The Four Musketeers", opna stiftingsmøtet
Foto: Johan Bengtsson

27. mars 2012 vart Sogn og Fjordane musikkråd stifta, berre to veker etter at Sogn og Fjordane kulturnettverk vart nedlagt. På stiftingsmøtet deltok representantar for fylkets musikkorganisasjonar, musikkinstitusjonar og musikklag. Musikkaktørane i fylket ser det som viktig å ha ein sjangeruavhengig samarbeidsarena i Sogn og Fjordane. Stiftingsmøtet bestemte mellom anna vedtekter og handlingsplan, og det vart valt styre.



Bakgrunn
Sogn og Fjordane kulturnettverk vart nedlagt 14. mars 2012.
Norsk musikkråds 33 og Musikkens studieforbunds 27 nasjonale medlemsorganisasjonar ser det som viktig å være representert i fylket gjennom et aktivt og kompetent fylkesmusikkråd. Dette er særs viktig for dei mange organisasjonane som ikkje har eige fylkesledd, og ikkje minst for dei uorganiserte musikkmiljøa. Musikklivet treng ein sjangeruavhengig fylkesarena for kulturpolitisk arbeid, faglig utviklingsarbeid, administrasjon og promotering av nasjonale og regionale tilskotsordningar og anna. Eit fylkesledd i Sogn og Fjordane sikrar dei lokale og regionale miljøa innsikt i og tilgang til bl a Norsk musikkråds og Musikkens studieforbunds kulturpolitiske, faglege og organisatoriske ressursar. Et aktivt fylkesmusikkråd er ein viktig arena for sjangerovergripande utvikling og samarbeid.
Dei nasjonale musikkorganisasjonane tok i haust, i samarbeid med Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund, initiativet til å etablere et helt nytt fylkesmusikkråd i Sogn og Fjordane. Et interimsstyre vart etablert, og dette kalla inn til stiftingsmøte for et nytt fylkesmusikkråd 27. mars 2012, på Skei.

Stiftingsmøte 27. mars 2012

Møtet opna med eit flott kulturinnslag fra med ungdom frå Jølster Kulturskule.

På stiftingsmøtet deltok representantar for mellom anna Førdehuset, Norsk Kulturskoleråd S&Fj, BRAK S&Fj, Balejazz, Sogn ogFjordane Folkemusikklag, Ung i Kor Vest, Ung Kyrkjesong Bjørgvin, Førdefestivalen, Musikkens studieforbund, Norsk musikkråd og Sogn og Fjordane Fylkeskommune.
Stiftingsmøtet valde følgjande styre: Johan Bengtsson (leiar), Elin Pehrson Grytting (styremedlem), Grete Bertzen (styremedlem), Stig Ese Eliassen (styremedlem), Ole Jakob Nedrebø (styremedlem), Solveig Sande Berstad (varamedlem) og Ronny Nymark Johannessen (varamedlem). Styret representerar mellom anna sjangrane orkester, kor, korps, folkemusikk, rock/rytmisk og jazz. Dei dekker fylket godt geografisk, og kjønnsbalansen er så lik som mogleg. Les meir om styret her...

Stiftingsmøtet bestemte vedtekter for Sogn og Fjordane musikkråd. Dei vedtekne vedtektene finn du her...

Interimsstyrets forslag til handlingsplan for 2012 vart også vedteke. I etableringsåret 2012 planlegg styret å gjennomføre to avgrensa kursprosjekt. Vidare skal organisasjonen utviklast og framtidige aktivitetar planleggjast, inkludert etablering av et sekretariat i Førde i løpet av 2013. Den vedtekne handlingsplanen finn du her….


Medlemmar
Aktuelle medlem er fylkes-/regionledd av musikkorganisasjonar som er medlem i Norsk musikkråd/Musikkens studieforbund, regionale musikkorganisasjonar som sluttar seg til verdigrunnlag og formål (ref vedlagte forslag til vedtekter), og offentlege institusjonar og kulturorganisasjonar med musikk som vesentleg arbeidsområde og som sluttar seg til verdigrunnlag og formål.
Fylkesledd av Norsk musikkråds og Musikkens studieforbunds medlemsorganisasjonar vert automatisk medlemmar, det same gjeld lokale musikkråd. Andre må søkje om medlemskap.
Det er styret som avgjer søknader om medlemskap, med årsmøtet som ankeinstans. Søknader om medlemskap behandlast av styret på første ordinære styremøte.
Stiftingsmøtet bestemte at medlemskontingenten skal være kr 0,-.

Vaksenopplæringstilskot i 2012 - info frå Musikkens studieforbund

Alle kurssøknadar for 2012 frå musikkorganisasjonar og lag i Sogn og Fjordane er tatt vare på og blir sakshandsama på vanleg måte, som tidlegare år. I ein overgangsperi