TOMMY REILLY 100 ÅR
Tommy Reilly var ein av dei store pionerane på kromatisk munnspel.
Tommy Reilly var fødd 21.august 1919 og døde 25.september 2000.
Han var ein av dei store pionerane på kromatisk munnspel med
verdenskarriere som solist. Dessutan var han den fremste pedagogen, som
utvikla den klassiske teknikken på instrumentet, skreiv lærebøker, og hadde
elevar frå alle kantar av verda. Han var og ei drivkraft i det norske
munnspelmiljøet. I 1970 laga han og Sigmund Groven ein serie på 5 program
for NRK TV under tittelen «Munnspillforum», og frå 1985 til 1996 var han
hovudinstruktør ved dei årlege munnspelseminara her i landet.
Til hundreårsjubileet gir det engelske plateselskapet CHANDOS (som Tommy
hadde kontrakt med i mange år) ut ein CD under tittelen «A LIFE IN MUSIC -
VINTAGE TOMMY REILLY». Den skal innehalde 30 innspelingar, mange av
dei aldri utgitt før. Opptaka er henta frå radiosendingar i BBC og tysk og norsk
radio frå slutten av 1940-talet og framover, vidare høgdepunkt frå hans tidlege
platekarriere frå 1950 med George Martin som produsent, dessutan frå ein
sjelden LP frå 1970, «The Harmonica of Tommy Reilly». Her er musikk av
Bach og Mozart i fantastisk virtuose framføringar side om side med Tommy’s
eigne komposisjonar og andre glansnummer.
Utvalet er gjort av Tommys son David Reilly og Sigmund Groven, og dei
gamle innspelingane er restaurerte ved hjelp av moderne støyfjerningsutstyr.
CD-en er eit monument over ein legendarisk musiker på høgda av si karriere.
Sigmund tar med en del av disse CD-ene på seminaret i sommar. Da kan de
som vil få kjøpe.