Regjeringa har auka momskompensasjonsordninga med meir enn 350 millionar kroner sidan 2013. Ordninga er den største tilskotsordninga i kulturbudsjettet. Momskompensasjonen er viktig for dei frivillige organisasjonane fordi ordninga sørger for at dei frivillige organisasjonane kan ha høg aktivitet i lokale lag og foreiningar heile året. Dette er pengar som organisasjonane kan bruke fritt og dei treng ikkje å rapportere om bruken av dei, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland. 

Over 80 prosent av midlane går til lokale og regionale lag og foreiningar. Det godkjente søknadsbeløpet i år er på om lag 1,7 milliardar kroner mot 1,5 milliardar i 2015. Avkortinga i 2016 er på 23,7 prosent mot 21,7 prosent i 2015.