Nyheter  Fredag 23. august 2019

Den store dugnaden:
Olav Kjøk - rektor ved Oslo Kulturskole

I intervjuserien om folk og musikk i byen vår, er turen komen til Olav Kjøk, rektor ved Oslo kulturskole. Han etterlyser ein definisjon av kva ein kulturstasjon eigentleg er.

Olav 2016

Opprinneleg er Olav Kjøk frå Vinstra, men har ikkje budd der på 40 år. Han er utdanna trompetist med diplomeksamen frå Basel, og har vore aktivt utøvande i ulike orkester og gjennom Rikskonsertane i ei årrekke. Han har også vore rektor i Steinkjer, distriktsmusikar i Nord-Trøndelag, Avdelingsdirektør ved avd. for kunstfag ved Høgskolen i Tromsø (tidlegare Musikkonservatoriet), før han i 2002 tok til som rektor ved Oslo kulturskole.

På slutten av 1950-talet bygde Olav Selvaag ut bustadområder på Veitvet og ville i samband med det også ha ein musikkskule. Veitvet Musikkskole vart teke over av Oslo kommune i 1979, som har endra namn frå musikkskole, til musikk og kulturskole, før dei til slutt landa på Oslo kulturskole i 2017.

– Det står i lova at alle skal ha ein kommunal kulturskole.

I dag har Oslo kulturskole 9500 elevar fordelt på 230 faste eller midlertidig tilsette. – Eit stort tal, men her bur trass alt 120 000 under 20 år. Altså ein dekningsgrad på under 10 %. I dag har vi elevar frå 0–100 år i undervisninga. Den eldste eleven vår for nokre år sidan var faktisk over åtti år.

Kulturskulen er sterkt subsidiert. Alternativet for dei som ikkje får plass, er å gå til private. Det er generelt dyrare.

– Det ligg ein tanke om at det skal vere eit tilbod for alle, seier Kjøk. Vi er ikkje noko mot private kulturskular så lenge det ikkje finnast plassar, men samtidig synest vi jo sjølvsagt at det burde vere nok dekning frå det offentlege, legg han til.

Byrådet har bedt om ei utgreiing om kor stor dekning det private tek seg av, då det ikkje finst noko nøyaktig tal på dette i dag.
– Vi vil ha eit breiddetilbod for dei minste, eit kjernetilbod, og så eit fordjupningsprogram på toppen. I Oslo er det viktig å utvide heile tilbodet. I tillegg støttar Oslo kulturskole opp om kor, korps og orkester.
– Vi har 65 lag som har sine instruktørar frå oss. Slik slepp laga å vere arbeidsgjevar, men kjøper heller tenesta frå oss til ein sterkt redusert pris. Slik får også instruktørane eit fagleg fellesskap her.
– Om vi hadde hatt ei talentsatsing som tok folk ut frå miljøa, ville vi ikkje ha gjort jobben vår som er å støtte opp under frivillige lag og organisasjonar. I staden fylgjer vi opp talenta der dei er, så lokalmiljøet kan vokse, understrekar han.

Verden dans

Etterlyser definisjon av kulturstasjonar

Grønland kulturstasjon, der administrasjonen held til, er også fylt med undervisning på heile huset. I tillegg har Schous kulturstasjon dans, teater, visuell kunstfag i åtte etasjer med 1000-1500 elevar.

– Men så er vi også spreidd over rundt 80 skular, der nokre av dei også blir kalla kulturstasjonar.

I 2010 vart det bestemt i bystyret at det skulle opprettast fleire kulturstasjonar rundt om i byen. Det vart for så vidt oppretta undervisning fleire stader, men sidan omgrepet aldri vart definert, er det vanskeleg å seie kor vidt denne ambisjonen er gjennomført.
– Det vi meiner med ein kulturstasjon er ein større stasjon der ein har fleire kunstfag, eit visst tal på elevar og eit visst volum – eit miljø rundt det.

Og med ein slik definisjon har Oslo berre to kulturstasjonar per i dag.
– Frå min ståstad burde det vere ein kulturstasjon i kvar bydel. Oslo har 15 bydelar på størrelse med ein middels norsk by.
Det står i lova at alle kommunar skal ha ein kulturskole.

– Vi har pusha på at det trengs ein skulebehovsplan også for kulturskolen.

Det er kanskje to ulike kampar å kjempe – skular og kulturstasjonar?
Skular er lovpålagt med kravspesifikasjonar. Vi ynskjer oss noko av den same standarden for kulturstasjonar. For i det øyeblikket det er valfritt for dei som skal bygge det ut, er det veldig lett å stryke det. Då ser vi at kvaliteten forringast.

Det er ikkje så veldig miljøskapande å kome til ein tom skulegard klokka halv åtte midt på vinteren.

Å skape eit miljø

– Det skjer jo allereie positive ting, med Manglerud Bad og aktivitetshus. Der får vi fleire musikkrom og plass til kanskje 5-600 elevar.

Planane på Manglerud inneber også mellom anna ein ungdomsklubb i kjellaren. Vidare nemner Kjøk eit større prosjekt på Mortensrud og på Sagene der det er planlagt ein kultursal som ein del av utbygginga på Voldsløkka.

Kulturskulen har vorte invitert tidleg i byggeprosessen i desse prosjekta. Men det finst mykje uutnytta potensiale.
– Deichman lukkast med døgnope bibliotek. Ein kunne kanskje tenke seg noko liknande innan musikk.

Er eigentleg den ideelle situasjonen å halde til i slike bygg og sleppe å forhalde seg til skulane i det heile tatt?
Ja, vi ser iallefall fordelane med å samle fleire aktivitetar på ein stad. Det er ikkje så veldig miljøskapande å kome til ein tom skulegard kl. halv åtte midt på vinteren. Det handlar om å bygge opp noko der det likevel er aktivitet. Schous kulturstasjon er eit godt eksempel, der ein har lukkast med dette. Det er eit vrimleområde der det skjer mykje.

Men Kjøk nemner også samarbeid med skulen som har fungert godt. Gjennom Tøyenløftet gjekk skulen inn og tok over musikkundervisninga.
– Orkesterundervisning på dagtid, og vanlig kulturskule som er gratis for dei som går på Vahl og Tøyen.

Når ein ser korleis estetiske fag blir nedprioritert i skulepolitikken, er det jo ein interessant modell at kulturskulen går inn i skulen.
Det kostar jo litt, sjølvsagt, fordi det trengs fleire lærarar. Men på Tøyen har dei i utgangspunktet brukt mykje ressursar på assistentar og spesiallærarar, som dei no ser dei treng mindre av – slik sett går prisen per elev ned.

– Det er ein stor del elevar med innvandrarbakgrunn på desse skulane, og vi ser at kulturskulen har eit stort potensiale med tanke på å bidra til integrering.

Harpe

Å snakke saman

Kjøk ser viktigheita av at aktørane i musikklivet i Oslo pratar saman.
– Vi har samanfallande interesser i forhold til løyvande styresmakter. Når det gjeld lokaler, for eksempel.
Lokaler er eit tema som går igjen i alle intervjua vi har gjort. Kjøk trekk fram korleis idretten har vore flinkare til å lobbe.
– Hadde vi greidd å i større grad samle dei ulike kulturorganisasjonane til å gå saman om felles behov, kunne vi kome langt.

Tekst: Torkjell Hovland
Alle foto: Oslo kulturskole