Nyheter  Fredag 26. april 2019

Ny intervjuserie: Den store dugnaden –
Thor Olav Fjellhøi

"Den store dugnaden" er Oslo musikkråds intervjuserie om folk og musikk i byen vår. Først ut er dagleg leiar for Norges Musikkorps Forbund Øst, Thor Olav Fjellhøi.

– Om vi sviktar dei frivillige som kvar dag går ut og arbeider på dugnad, så sparkar vi beina under modellen som det norske samfunnet er bygd på.

Thor Olav Fjellhøi

Thor Olav Fjellhøi

Thor Olav pendlar no halvannan time frå staden han vaks opp, Rakkestad i Østfold. Det var også her korpsgnisten vart tent, i Rakkestad skolekorps. Med musikkutdanning på Toneheim Folkehøgskule, Østlandets musikkonservatorium på Godlia, fleire år som kulturhussjef i Ål, innom Stabsmusikkorps var det ein mann med korpsfaget godt innunder huda som byrja i NMF Øst i 2015.

Vi møter Thor Olav for ein kopp kaffi på kontoret i Storgata for å høyre korleis stoda er for korps i Oslo.

– I Oslo har vi 78 skulekorps og 41 voksenkorps, 119 totalt. Frå fjoråret til i år har vi hatt ei auke i NMF Øst (Oslo, Akershus, Østfold og Buskerud) til 17098 medlemmar kor av 6248 medlemmar i Oslo.

Korleis er det med rekrutteringa?

– Korpsa hadde ei stordomstid på 1970-80-talet. Det var over 100 000 medlemmar i NMF i si tid. I dag er det 60 000. Det hang nok mykje saman med at det var færre andre tilbod den gongen enn det er i dag. Ein kan sjå dette på to måtar: anten "oi, det var ein kraftig nedgang". Eller så kan du rett og slett seie at det er imponerande høgt tal med alt mylderet av fritidsaktivitetar du har i dag.

– Når det er sagt, er rekruttering noko vi jobbar mykje med. Utfordringa er hovudsakleg at det rekrutterast mange inn kvart år, men dei blir ikkje like lenge som tidlegare.

Kva er dei viktigaste tiltaka for å unngå det?

– Aspirantopplæringa er viktig. Sommerkursa og helgebaserte kurs med samspel - vi leitar heile tida etter kva tilbod som kan gi dei motivasjon. Og så ser vi at det er ei positiv effekt dei stadane der det er eit tett samarbeid med kulturskulane.

Fungerer også voksenkorpsa som ressurs for skulekorpsa?

– Ja i stor grad. Voksenkorpsa er jo klar over at deira framtid avhenger av at skulekorpsa går bra. Når dei eldste får prøve seg med voksenkorpset, blir dei bryna seg og får fornya motivasjon. Det handlar om å finne balansen mellom meistringskjensle og utfordringar.

Regionkorpsost

Regionkorps Øst

Motivasjonen heng kanskje også saman med kor enkelt det er tilrettelagt for foreldrene og dei frivillige?

– Ja, absolutt! Vi må ta vare på dei. Alle dei, tusenvis som kvar dag går ut og jobbar på dugnad. Vi må legge til rette for at dei får så gode vilkår som mogleg. Om vi sviktar denne ressursen, så trakkar vi på modellen som det norske samfunnet er bygd på. På sikt sparer jo dette det offentlege for millionar av kroner. Fordi vi gjennom ei god fritid klarer å fange opp dei som risikerer å falle utanfor.

Å kome saman

– Vårt mandat i NMF Øst er jo dei 376 medlemskorpsa sitt ve og vel. Ein ting er det praktiske, men det andre er kvaliteten på det musikalske. Likevel er Thor Olav oppteken av at det kan vere mykje å hente på å kome saman og nemner korleis Kulturalliansen for eksempel kan vere ei viktig felles røyst.

– Eg ser at ein til tider kan bli litt vel opptatt av eigne kampsaker. Vi må Ikkje berre snakke korpsa si sak, men også jobbe for dei generelle vilkåra som ligg til grunn for det frivillige arbeidet. Når vi jobbar med våre særinteresser er det viktig å sjå kva som vil forbetre korpsas rammevilkår. Her er for eksempel lokalitetar særleg viktig. Lokaler er vel det som står øverst på agendaen.

Ja, det er mykje gymsalar?

– Ja, naturleg nok– heile skolekorpsbevegelsen har jo starta nettopp på skulane. Difor har skulens gymsal vore det naturlege samlingspunktet. Men mange korps øver i gymsalar som, om ikkje dei er direkte helseskadeleg, så kan den dårlige akustikken stå i vegen for den musikalske utviklinga. Akustikken er viktig for dei tinga som eit korps skal jobbe med – utvikle klang, dynamikk osv.

Skolekorps

– Men så møter ein spørsmålet – gymsalen har jo alltid fungert, kvifor er ikkje det godt nok lenger? Ein av grunnene til det er at ein i dag med mykje enklare og billigare verktøy kan måle akustikken i eit lokale. Á la det Norsk musikkråd eller Oslo musikkråd gjer. Vi har også utvikla sansen for i kva grad det er “greit” å vere der. Det var ikkje noko meir sunt før, men haldninga til det har endra seg.

Så kva er det ideelle lokalet?

– Det avhenger i stor grad av kva slags korps det er. Dei fleste har også behov for lagringsplass – det er ikkje noko særleg å måtte bere paukene fire etasjer kvar gong du skal ha øving, for eksempel. Ein annan ting er den geografiske plasseringa. Skulekorpsa tilhøyrer eit nærmiljø, og du kan ikkje berre flytte korpset til ein annan kant av byen. Skulane har vore ein naturleg samlingsplass i nærmiljøet også utanfor skuletid. Slik har korpsa og miljøet rundt også vekse fram. Somme har lukkast med samanslåingar, men vi snakkar om ganske sterke kjensler knytta til nærmiljøet som vi skal ha respekt for.

Difor kan eg tolke deg dithen at dei akustiske tiltaka som blir gjort i gymsalane no kan vere vel så bra som å skulle samle alle til eit slags sentralt “korpsenes" hus eller liknande?

– Absolutt, eg trur det er viktig å forbetre fasilitetane i lokalmiljøa der folk bor og korpsa held til. Og når Oslo Kommune har gått ut og sagt at skulen skal vere det lokale kulturhus, må desse krava til øvingslokale ligge til grunn i planleggingsfasen til nye skulebygg. Det er ein standard, og ikkje eit valg som arkitekten kan sette til side. Den nye ISO-standarden er noko av det viktigaste som har blitt gjort.

Voksenkorps

Å seie "skulen som lokalt kulturhus" forpliktar også på andre måtar. Det må administrerast av nokon, og inntil vidare er dette skulane som gjer utan eigentleg noko særleg utvida rammer for dette frå kommunen si side.

– Vi kan ikkje skyte pianisten heller. Skulen treng rammer slik at dei kan oppfylle visjonen om skulen som lokalt kulturhus. Her må ein vere i dialog for å finne løysingar. Det må ikkje nødvendigvis vere slik det alltid har vore - vi må lage eit klima for å finne dei gode løysingane.

– Ja, eg kunne jo snakka om dette i timesvis...

Det er klart for meg etter ein kaffi med Thor Olav at NMF har ein brennande engasjert korpsmann i region øst.

tekst: Torkjell Hovland