Nyheter  Tirsdag 12. februar 2019

Inspirerande UKM-konsert på Sentralen!

UKM Oslo inviterte til skulekonsert på Sentralen i går, tysdag 5. februar. Formålet var å inspirere ungdommen til å melde seg på årets UKM!

UKM-konsert på Sentralen 2019

UKM-konsert på Sentralen 2019

UKM Oslo hadde invitert nokre av innslaga frå fjorårets UKM for å vise breidda og inspirere skuleelevane. Showkonferansier var UKM-veteran frå Larsnes, Herman Brune Leikanger. Han ynskte velkommen i ekte showmanstil med ein forrykande trommesolo og lysshow!

UKM-konsert 2019

UKM-konsert 2019

Først ut var 13 år gamle Magnus Arthur Krane som spelte "Morgenstemning" av Edvard Grieg – imponerande etter berre eit år med pianoundervisning!

UKM-konsert på Sentralen 2019

UKM-konsert på Sentralen 2019

Vidare skulle vi få sjelfull song frå Sofie Fliflet Sollie, med funky gitarkomp frå Haris Smailagic. Det er nok ikkje siste gongen du høyrer hennar namn!

UKM-konsert på Sentralen 2019

UKM-konsert på Sentralen 2019

UKM er ikkje berre musikk. På UKM kan du delta med alt frå kunst, teater, standup, video – og dans. D-Quetra er ein dansetrio frå Dyana Tedros, Joanne Barruela og Milena Tedros. Her var wow-faktoren høg! ...og jubelen frå publikum likeså!

UKM-konsert på Sentralen 2019

UKM-konsert på Sentralen 2019

Fyah Yardie deltok i fjor på MGPjr og var kjent for mange i publikum. Han leverte med stor overbevisning vers på vers om det å vere ung i dag. Høyr berre på låta "Lære" HER

UKM-konsert på Sentralen 2019

UKM-konsert på Sentralen 2019

Kvikt og Hurtig avslutta den vesle konserten. Nei, det er ikkje slik at dagens unge berre lagar EDM på PC-en. Ikkje at det er noko gale med det, men det varmar nok nokre musikarhjarte å høyre eit vaskeekte band med stor B! Med halvabsurde, poetiske tekstar om alt frå den store kjærleiken til ei avdøde kjæledyrsrotter. Alt dette pakka inn i eit deilig retro softrockunivers!

På UKM får du moglegheita til å prøve ut kva som helst framfor eit begeistra publikum. Ha det som ein tradisjon - "Kva skal eg delta med på UKM i år?". Så oppfordre alle ungdommar du møter til å melde seg på UKM - det kan vere skilsetjande!

Meir informasjon om påmelding finn du HER