Nyheter  Tirsdag 5. november 2019

Den store dugnaden: Monica N. Ifejilika og Aria Rødseth i AKKS

Berre 20 prosent av Tono sine medlemmer er kvinner. Sidan prisen vart oppretta i 1985 har berre fire kvinner blitt kåra til Årets Spellemann. Og når såg du eigentleg sist ein kvinneleg lydteknikar?

AKKS har som formål "å rekruttere, motivere og synliggjøre kvinner i alle ledd av musikklivet." AKKS starta i 1982 på Blitzhuset i Oslo, og har i dag etablert aktivitet i Bergen, Kristiansand, Trondheim, Stavanger.

From Scratch 2 AKKS Oslo 2017 foto Vanessa Storm

Bandet From Scratch har øvd på AKKS sidan oppstarten, gått på fleire AKKS-kurs, sjølv vore instruktørar, spelt fleire AKKS-konsertar og fått frifondstøtte gjennom AKKS

– AKKS skal skape ei atmosfære som er god å vere i for alle kjønn.

Monica N. Ifejilika

Monica N. Ifejelika er styreleiar i sentralstyret for AKKS Norge. Ho er artist, skribent, programleiar og brukte sjølv lokala i Brenneriveien med gruppa Queendom.
– Eg trur at om du spør kvinner som har markert seg i musikkbransjen dei siste åra, så har ganske mange av dei vore innom eller vore påverka av det tilbodet som AKKS gir.

AKKS sin jobb er å gjere noko med kjønnsubalansen og normane, utan å nødvendigvis gå så djupt inn i diskusjonane: – Fordi det berre har vore menn, opplevast det som ein mannearena. Det må nokre banebrytarar inn. Det er ikkje det at ein medvite har gått inn i noko med fordommar.

Monica trur vi i tillegg dei siste åra har fått større medvit om mannleg og kvinneleg energi: – Eg jobbar med dei søtaste, snillaste, greiaste mannlege musikarane – men eg – som aldri er redd for å seie akkurat det eg meiner, justerer meg når eg kjem inn i det rommet. Og har kjent at eg må jobbe, vere hard på ein annan måte enn når eg kjem inn i eit rom med kvinner.

AKKS handterer det ved å skape bevisstheit rundt desse mekanismane som oppstår i samspel: – Det handlar om å skape trygge, frie rom, der ein samtidig har eit bevisst språk for korleis ein pratar med kvarandre.

C Monica N Ifejilika portrett

Monica N. Ifejilika, styreleder i AKKS Norge

– Du må skape den framtida du har lyst å sjå, var det nokon som sa.
Monica er sjølv ei av dei jentene som hadde sett enormt pris på å ha slike førebilete. – Det å spele eit instrument, var liksom ikkje eit alternativ for meg i det heile tatt.
AKKS har mellom anna ein instrument-karusell der deltakarane får prøve alle instrumenta.

Det virkar som det har skjedd mykje med kjønnsbalansen dei siste åra, men det er vel framleis ein lang veg å gå på mange områder?

– Om ein ser på balansen på radio og tv, så kan ein seie at ja, det har skjedd mykje der. Men det er framleis slik at om ein ser på bandmedlemmar og bakfolk, så er det flest gutar.
Representasjonen av kvinner i musikkbransjen er altså ikkje alltid like synleg. – Akkurat no skjer det ein del på produsent og teknikar-sida, med kursing og slikt.
Ho ser også på den teknologiske utviklinga som ein positiv faktor med tanke på dette: – Med ulike produksjons-software, får ein enklare moglegheit til å ta kontroll over og eigarskap til musikken sin.

C Aria Roedseth Portrett Liggande

Dagleg leiar i AKKS Oslo, Aria Rødseth

– Vi må sjå normane for å kunne bryte dei.

Aria Rødseth

Aria Rødseth er dagleg leiar for AKKS Oslo. I Oslo leiger AKKS ut øvingslokaler, arrangerer bandkurs, instrumentkarussellar, og samarbeider med JM Norway om leiren Loud. Aria brenn spesielt for bandskolen for jenter som dei starta i 2016. – Mange nektar omtrent å slutte for det gir dei så mykje. Vi ser at dei gjennom kursa blir sjølvstendige og hjelper kvarandre, og vi ser at det gir ringverknader rundt om på ungdomsklubbane i byen – når ein ikkje er det einaste bandet med jenter er det ikkje så einsamt.
Aria kallar AKKS sitt arbeid kjønnsbalanserande tiltak.
– Det er så rart med normer, ikkje sant - dei er der utan at vi nødvendigvis ser dei. Om du for eksempel er jente og skal spele trommer, er det ein del normer som må brytast på vegen dit.
– Vi skal prøve å gjere folk fri frå dei normane som seier at det er noko du ikkje skal. Der er instrumentkarusellen viktig - du får prøve alle instrumenta utan at nokon fortel deg at det er uvanleg for jenter å spele det eine eller det andre instrumentet.

Alt vi gjer er å gjere noko med kjønnsbalansen - og det går ikkje berre “eine vegen”: – For eksempel ser vi at det er få mannlege vokalistar, så neste gong vi skal tilsette vokalinstruktør er det noko vi ser etter.
Aria understrekar at utanom Bandskolen for jenter og LOUD er resten av AKKS sitt tilbod open for alle kjønn.
– Det handlar om at du skal kome inn i eit rom å føle at du har noko der å gjer.

AKKS konserten3

Bandet Kakaofingre frå Bandskolen for jenter.

Støtte til øvingslokale

I Brenneriveien har AKKS Oslo hatt øvingslokale i mange år allereie, men har no fått støtte frå Musikkutstyrsordningen og Sparebankstiftelsen til å utvide til fleire øvingsrom, betre lydisolering og betre moglegheit for studioproduksjon.
Det er eit viktig prinsipp at øvingslokala skal vere lågterskel: – Alt er rigga opp – du kjem fort i gang. Du skal ikkje trenge noko instrument eller utstyr på førehand før du startar.
Aria fortel også om spennande planar om ei konsertscene som er bygd på AKKS sine prinsipp. – Ein stad som kan drivast med fleire kvinner i alle ledd. Slik at vi for eksempel unngår at spelestaden tek dobbel leige om det ikkje skal vere alkoholservering.
Men det er også utfordringar når det gjeld ressursar.
– På 37 år finn ein del ting som fungerer – og dei tinga som fungerer er drift. Alle vil ha prosjekt, men kva med alle dei tinga ein har gjort som fungerer?

Ho understrekar at dei føler dei blir sett av kommunen, men at drift ikkje er like lett å få støtte til er eit prosjekt over heile kulturfjøla.

Monica trekk også fram utfordringane ved at medlemskap teller så mykje som det gjer: – Å berre jobbe med fleire medlemmar vil ta fokuset vekk frå å jobbe med ungdommar. Vi er ein medlemsorganisasjon, men på mange måtar er vi det av nødvendigheit. Eg skulle ønske at formålet skulle ha meir å seie.
Dei tala som gjer at AKKS jobbar vidare er ekstreme: –1/4-del av medlemmane i Gramo er kvinner, 20 prosent av medlemmane i Tono er kvinner - det er ikkje berre litt skeivt.

– Men noko har skjedd dei siste åra – det virkar som alle vil det no. Det er veldig gøy å sjå den utviklinga, avsluttar Aria.

Tekst: Torkjell Hovland