Nyheter  Fredag 23. november 2018

Miff-bandet The Flying Carpet på Safirs Grønne Hjørne!

Den vesle hjørnekafeen Det Grønne Hjørnet vart varma med åttitalshits som 4 non blondes' "What's up?" og eigenskriven bluesrock om moderne teknologi frå The Flying Carpet! Les og sjå bilete her!

Hjørnekafeen Det Grønne Hjørnet i Platousgate 1 er drive av SAFIR (Senter for Frivillig Innsats i Rusmiljøet) i Røde Kors. Her er dørene opne for varme, vafler, kaffi og ein god prat. Torsdag 22. November fekk kafeen besøk av Musikk i Fengsel og Frihet(Miff) sitt band The Flying Carpet.

Miff er drifta av Musikkens Studieforbund og Oslo Musikkråd har det lokale ansvaret i Oslo. Gruppa The Flying Carpet øver kvar torsdag på Øvingshotellet og møtast i tillegg kvar onsdag på Retretten der låtane tek form gjennom m.a. arbeid med produksjonsverktøyet Cubase. I lag med Venjas Harem utgjer dette tilbodet til Miff i Oslo.

– Vi er opne for alle som vil vere med! Det er dropin, lavterskel opplegg.

Espen har holdt Cubase-kurset i fleire år allereie, men i April 2017 vart Sigbjørn Thommasen med på teamet og bandet vart starta opp.

– Det er himmelvid forskjell å vere to, seier EspenSigbjørn og Espen løftar fram fleire kvalitetar med prosjektet

– Først og fremst er det ein meistringsarena, og vi ser korleis meistringa i musikken motiverer til andre områder i kvardagen. Og så er det eit fast haldepunkt i kvardagen - tre timar i veka som ikkje er problem.

På tysdag skal The Flying Carpet spele på Retretten, og tidlegare i år spelte dei på årsmøtet til VOFO.

–Det er fint å ha konsertar å jobbe fram mot, slik er det lettare å få struktur på arbeidet, seier Sigbjørn.

Og dei fem i bandet strålar av speleglede i Det Grønne Hjørnet! Etter konserten takkar dei frivillige på SAFIR for besøket og ynskjer bandet hjarteleg velkomne igjen. Så blir det velfortent vafler og kaffi.

–Dette var gøy! seier dei samstemt.

Det skal vere lav terskel, sa statsministeren under framlegging av regjeringa si kulturmelding i dag. Er det noko som iallefall er riktig bruk av pengar, er det tiltak som Musikk i Fengsel og Frihet!

Synst du dette høyrdest interessant ut å vere med på, eller veit om nokon du vil tipse?

Ta kontakt med Sigbjørn på e-post: sigbjorn.thomassen@musikk.no

Les meir om Musikk i fengsel og frihet her

Les meir om SAFIR her

Miff-konsert med The Flying Carpets på Det Grønne Hjørnet