Handlingsplan

Handlingsplanen er utarbeidd på bakgrunn av ein felles mal sett opp av Norsk Musikkråd. Malen tar utgangspunkt i 4 hovedmål, og vert på denne måten ein slags overordna handlingsplan som, med lokale tilpasningar, likevel vert felles for musikkråda rundt om i landet. Ein kan finna malen slik den ser ut originalt på musikk.no.

FELLES MÅL 1: INNFLYTELSE
Representera heile det lokale musikklivet overfor kommunen:
RSMR ynskjer skaffe ei oversikt over kva lag/organisasjoner som er i kommunen, dette via kartleggjing, synleggjering og registrering.
• Oftare møter,- eit meir aktivt musikkråd, ikkje berre fordele midlar. Føre møteprotokoll.
• Lage og publisere nettsida vår
• Spørjeskjema, (evt nytt utvida)?
• Registrering i musikkrådet (kanskje i form av kontingent)?

Lokalt lobby arbeid:
RSMR er ein høyringsinnstans i utvalet for ny kulturplan i Radøy. Mulighet for å være med i sjølve utvalet? Dette for å betre medvirkning i prosessar før produktet går til høyringsinnstansane då det ofte er vanskelegare med endringar/påvirkning i denne fasen.
Synleggjering for kommunen og medlemmane:
• Skape dialog me kommunen. Synleggjere musikkrådet og skape eit ansikt utad. Tydeleggjere kva ein arbeidar for, og vise til oppnådde resultat på nettsida vår. Vise medlemmane våre at me jobbar for dei!!
• Planleggje kulturkonferanse i framtida for å vise mangfaldet og setje fokus på kultur i kommunen. Dette har vist seg å være effektivt i andre kommunar,- også når det kjem til tildeling av midlar.

FELLES MÅL 2: LOKALER TIL MUSIKKFORMÅL
RSMR heldt på med ein kartleggjing av behov for lokaler då ein veit at ein har utfordringar i dei ulike laga her. Dette arbeidet må fortsetje, og RSMR må etterstrebe å bidra til at alle våre lag skal få tilfredstillande lokaler til bruk både til øving, konsertbruk og oppbevaring av utstyr. For øvrig må musikkrådet vise interesse med hensyn til arbeidet som no pågår mellom fylkeskommunen, folkehøgskulen og kommunen i forbindelse med byggjing av framtidig konserthus.


FELLES MÅL 3: RAMMEBETINGELSER FOR DEI LOKALE MUSIKKLAGA
Økonomiske tilskudd til drift og aktivitetar i lokale musikkråd
• RSMR ynskjer å finne det reelle finansieringsbehovet til medlemmane våre og synleggjere desse for kommunen
• Arbeida for å auke tilskot frå kommunen, både direkte til medlemmane våre, og til evt. arrangement i regi musikkrådet
• Instrumentfond?
• Gjere søknadspapira meir tilgjengeleg for medlemmane, og informera betre om mogeleghet for tilskot (kjem informasjon på nettsida vår)
Dirigentar og instruktørar
Igjen kartleggje behovet hjå medlemmane våre. Bidra med å formidla kontaktar, også mellom dei ulike laga då mange kan dra nytte av kvarandre. Evt. skaffe instruktørar via t.d musikk og kulturskulen.


FELLES MÅL 4: KONKRETE TILTAK
Kurs og seminarer
• Delta på årleg landskonferanse for musikkråd? Dette for å få innspel/ kunnskap, sjå nye moglegheiter, utvide arbeidsmetodar for korleis me kan gjere ein best mogleg jobb for medlemmane våre.
• Halde kurs/ foredrag med aktuelle tema for medlemmane våre
Konsertar og festivaler
Lage til fleire arrangement i regi musikkrådet. Synleggjere mangfaldet me har i kommunen, samt sjanse til å synleggjere kva og kven musikkrådet er. Ynskjer på sikt å få til ein kulturkonferanse slik mange andre kommunar har gjennomført.



Utviklet av Renommé Communication