Sjokoladekappleiken 2010

31.03.2016

Seljord juniorspelemannslag, Tusseleiken og Seljord spelemannslag ynskjer alle velkomne til

Den 12. Sjokoladekappleiken

på Granvin kulturhus i Seljord laurdag 20.mars 2010 kl 12.00.

Påmelding frå kl 11. Førehandspåmelding kan også skje til Brit Merete Funner, tlf. 986 13 975,  eller e-post: bmfunner@online.no

For registreringsarbeidet er det til stor hjelp med førehandspåmelding av grupper eller lag; helst med namn på dei som er med i laget, alder, adresser og gjerne kven dei har lært av.

Born og deltakarar gratis / vaksne kr 50,-

Me spanderer saft, kaker og kaffi! Pølser og brus vert å få kjøpt.

 

Alle er hjarteleg velkomne!

 

Beste helsing

Seljord spelemannslag, Seljord aspirantlag, Seljord juniorspelemannslag og barneleikarringen Tusseleiken

 

 

 

Kva er Sjokoladekappleik?

Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med folkemusikk (spel, dans og kveding) kan delta. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena.

Tiltaket er så bra at Landslaget for spelemenn (Lfs) har teke det inn i handlingsprogrammet sitt som eit satsingsområde. Sjokoladekappleikane som vert arrangert i Bø og Seljord er malar for dette.

Det er viktig å ha ein arena for å vise fram det ein driv med innan musikk og dans, og det er viktig å starte i ung alder for å bli trygg på scena. Først og fremst er det moro på Sjokoladekappleik!

 

I fjor var det ca 40 ulike innslag på scena. Det var kring 100 born som spela, song og dansa på Granvin. Ungar frå mange kommunar deltok. Dei kom frå Bø, Hjartdal, Nome, Seljord, Tokke, Vinje og Asker!

Det er 12.gongen Sjokoladekappleiken i Seljord vert arrangert. Første gong var i april 1999. Alle gongane har det vore stor deltaking av ungar i alderen 4 – 20 år.

Vi har kjøpt inn litt skikkelege premiar; m.a. Cd-ar med folkemusikk til dei som vågar seg frampå scena heilt åleine. Det blir utdeling av Magne Manheims inspirasjonspris for 6.gong.

 

Hjarteleg velkomne til Sjokoladekappleik 2010 alle saman – deltakarar og publikum!


Blues Behind Bars

Telemark kulturnettverk samarbeider nå med Telemark fengsel om musikkopplæring i fengsel.

Musikk i fengsel og frihet  (Miff) er eit prosjekt i regi av Norsk musikkråd der målet er å gje innsette opplæring og trening i samspell.  Målet er både å gje dei innsette opplæring i ein kulturaktivitet som kan utvikle seg til ein meinigsfylt hobby under soning og etterpå. Musikkaktiviteten vil og kunne gje store og viktige opplevingar og ikkje minst god trening i samarbeid og samhandling.

Blues Behind Bars- les heile saka



UKM-utval vil styrke kommunemønstringane

Eit utval har gått gjennom opplegg og utviklingstiltak for UKM-Telemark og levert innstillinga si.
Utvalet ønskjer m.a. å:
Styrke og vidareutvikle kommunemønstringa.
Tilby fleire kurs, workshops som interkommunalt samarbeid, spleiselag
Tilby fleire oppdrag for UKM-deltakarar gjennom heilårleg aktivitet.
Arbeide fram ein UKM-turne form.a. skular og ungdomsklubbar.
Trekke ungdommar meir med i tilrettelegging og gjennomføring av arrangementet

Les meir



Hm. Åssen var det nå det var igjen....

Ny VO-lov og føresegner

Stortinget har vedtatt ny lov om Vaksenopplæring (VO), og det er utarbeidd nye føresegner med verknad frå 1. januar 2010.  
Ei viktig endring er at deltakartalet på studieringar er redusert frå 5 til 3 personar.

Les meir på Lovdata: Lovteksten og forskriftene.



Om lov om vaksenopplæring - Lokaler

Etter ny lov om vaksenopplæring, som trådde i kraft frå 1. januar 2010, skal arrangørar med statleg tilskot etter denne lova ha fri tilgang til offentlege undervisningslokale ( gjeld kommune, fylkeskommune og stat)

Det vil sei at lag som er tilslutta eit studieforbund og får tilskot etter VO-lova har krav på gratis lokale til opplæringsformål /øving.

Om lov om vaksenopplæring - Lokaler- les heile saka



Sangkulturkonferanse 2010

SANG FOR ALLE

Veien mot et syngende Norge

23. - 24. oktober, Royal Christiania Hotel, Oslo

 

Alle i Norge skal få del i sangen som kilde til glede, mening og utvikling i et samfunn som målbevisst utnytter sangen for å skape et bedre liv for alle. Sangkulturkonferansen 2010 handler om å realisere denne visjonen! På konferansen vil det bli presentert utkast til et manifest og forslag til rammer for en nasjonal plan for å gjøre Norge til en syngende nasjon.

Sangkulturkonferanse 2010- les heile saka



Kulturpenger til amatører

Amatører og frivillige organisasjoner kan fra og med 2010 søke om økonomisk støtte til prosjekter fra Nordisk Ministerråds kultur- og kunstprogram.

Kulturpenger til amatører- les heile saka



Invitasjon til prøvespill for opptak i Sørnorsk Ungdomsstorband (SNUS)

Sørnorsk ungdomsstorband er et tilbud for musikkungdom i Agder og Telemark. Sørnorsk Ungdomsstorband (SNUS) er et regionalt ensemble som drives av Sørnorsk Jazzsenter i samarbeid med Aust-Agder musikkråd. Bandet har eksistert i ca 10 år under navnet Agder Ungdomsstorband, men endret navn til Sørnorsk ungdomsstorband da jazzsenteret fikk utvidet regionen til også å omfatte Telemark. I september blir det prøvespilling i Telemark (Skien), Aust-Agder (Arendal) og Vest-Agder (Kristiansand). Ungdom i alderen 16 til ca 20 år bosatt i Telemark og Agder oppfordres til å søke opptak! Tilbudet er GRATIS. MELD deg på snarest og innen 3.sept.



Nye akustikknormer for musikklokaler

De færreste lokaler som brukes til musikk er akustisk tilpasset og tilrettelagt for dette. Det ønsker Norsk musikkråd å gjøre noe med. Nå er ”Norsk musikkråds normer og anbefalinger” for akustikk i lokaler som brukes til musikkformål lansert.
Normer og anbefalinger er utarbeidet sammen med ledende akustikere i Norge og utlandet, og er banebrytende i internasjonal sammenheng. Musikkrådet setter søkelyset på viktigheten av tilpasssede lokaler til alle musikkformer. Gode akustiske forhold er avgjørende både for publikum og musikere.

Last ned dokumentet her.



Lokale kulturnettverk - ny møteplass

Første møte i kulturnettforum vart halde 1. oktober. med  fire kommunar representert.
Meininga med møtet var å utveksle idear om drifta i dei ulike kommunane og for å hente inspirasjon til nye tiltak og vidare arbeid. Telemark kulturnettverk vil i nært samarbeid med Norsk musikkråd utvikle ein idebank for lokale musikkråd/kulturnettverk som vert lagt ut på ei landsomfattande nettside. Det vil bli invitert til møte ein gong i året.



Måling av romakustikk i lokale til musikk

Nytt prosjekt i TKN

Telemark kulturnettverk (TKN) ønskjer å bidra til å auke kvaliteten i dei lokala som brukas til musikkformål i fylket ved å påta seg å måle dei akustiske tilhøva i øvings- og framføringslokale med utgangspunkt i Norsk musikkråd sitt standardiserte opplegg.

Heftet Lokaler til Musikk - Veiledning for lokale musikkråd kan du laste ned her.

Måling av romakustikk i lokale til musikk- les heile saka



Telemarkkonsertar AS får smake fylkesvåpenet

Fylkesrådmannen vil bruke fylkesøksa til hurtigslakt av  Telemarkkonsertar AS

  • utan evaluering av 20 aktive år
  • utan analyser av sterke og svake sider ved ordninga
  • utan at fylkeskommunen har ein langsiktig strategi for musikk- og kunstområdet
  • like før eit val av nytt fylkesting som skal utarbeide og vedta ein ny kulturplan/-strategi

Saksomtale og vedtak frå styret i Telemark kulturnettverk



Telemarkkonsertar i ny drakt?

Telemark kulturnettverk (TKN) har sett i gang ei evaluering/ tilbakemelding på erfaringar og behov frå ulike brukarar av Telemarkkonsertar opp gjennom åra. Mange av brukarane er medlemmer i TKN og representert i styre og andre formelle organ. Prosessen har difor starta der. Men me ønskjer også tilbakemeldingar frå andre brukarar av Telemarkkonsertar sine tenester enten dei er offentlege er frivillige aktørar.

Notatet "Telemarkkonsertar i ny drakt".



Didrik og Emil Solli-Tangen

Didrik Solli-Tangen

Telemark kulturnettverk gratulerer UKM veteran Didrik Solli-Tangen med seieren i Melodi Grand Prix. Didrik har vore med i UKM heile fire ganger, og gått vidare til landsmønstringa to ganger.. Sammen med broren Emil opptrådte Solli-Tangen under landsmønstringen i Trondheim for snart fem år siden og var konferansier to år seinare.



Didrik Solli-Tangen- les heile saka



UKM-festivalen

Juryen har nå tatt ut deltakere som skal representere Telemark under UKM-festivalen i Trondheim 19. - 22. juni:

UKM-festivalen- les heile saka