Minikonferanse: Akustikk i musikklokale og nye standardkrav

31.03.2016

Tid: Torsdag 21. januar

Stad:  Ibsenhuset, Skien

Forelesar: Trond Eklund Johansen

Påmelding innan 20. januar til Telemark kulturnettverk, telemark@musikk.no eller tlf. 35 06 06 80 / 90 12 75 13

Arrangør: Telemark kulturnettverk

Invitasjon til konferansen.

Musikklivet treng gode lokale til å øve i og til konsertar. I mange kommunar er det lokale musikklivet vist til å øve og halde konsertar i lokale som er lite egna til dette formålet. Langvarig øving med dårleg tilpassa akustikk fører til at musikarar og sangarar ikkje kan oppnå optimale resultat, det kan føre til unødvendig mental slitasje og i nokre høve til direkte negativ hørselseffekt (tinnitus).

Norsk musikkråd sitt arbeid på dette området har nå resultert i ein ny Norsk Standard som gjeld ved bygging og rehabilitering av bygg med tilskot frå spelemidlane. Dette kan handle om både kulturhus, skulelokale, private hus og andre forsamlingslokale som vert brukt til musikkformål.

Trond Eklund Johansen er dagleg leiar i Hedmark og Oppland musikkråd, og har i mange år arbeidd med akustikk og standardkrav til musikklokale som medlem av Norsk musikkråds utval for musikklokale. Han er utdanna instrumentalpedagog og dirigent og har lang erfaring som dirigent/instruktør i det frivillige musikklivet. Dei siste åra har han vore aktiv deltakar i prosessen med Hamar kulturhus og har bidratt til det svært gode resultatet.

Minikonferansen vil ta for seg:

Det vert sett av tid til spørsmål og kommentarar.

Konferansen er gratis.

Kontakt oss

Telemark kulturnettverk
Gullbringvegen 34, 3800 Bø
Tlf: 35 06 06 80
E-post: telemark@musikk.no
Organisasjonsnummer: 971 325 704

 

VIS KONTAKTSKJEMA OG KART