Måling av romakustikk i lokale til musikk

Nytt prosjekt i TKN
Telemark kulturnettverk (TKN) ønskjer å bidra til å auke kvaliteten i dei lokala som brukas til musikkformål i fylket ved å påta seg å måle dei akustiske tilhøva i øvings- og framføringslokale med utgangspunkt i Norsk musikkråd sitt standardiserte opplegg.
Heftet Lokaler til Musikk - Veiledning for lokale musikkråd kan du laste ned her.
For å kunne gjennomføre målingane er det behov for eit fullgodt teknisk utstyr. I tillegg trengs opplæring på utstyret og eit registreringssystem som held faglege mål og som kan inngå i ein landsomfattande databank. Utstyret er tenkt brukt over heile fylket - noko som etter kvart vil føre til ein god informasjons-bank over dei akustiske tilhøva i så vel konsertarenaer som øvingsrom rundt om i Telemark.
