Om oss

Litt om Telemark kulturnettverk (TKN)

TKN er ein paraplyorganisasjon for det organiserte kunst- og kulturlivet i Telemark.

Telemark kulturnettverk (TKN) er ein open og inkluderande nettverksorganisasjon og ein regional møteplass for kulturaktørane i fylket. TKN omfattar både offentlege institusjonar og frivillige organisasjonar / regionale lag, amatørar og profesjonelle miljø.
Vi kallar oss nettverk for lettare å kunne inkludere ulike aktørar innan fylket uavhengig av måten dei er organisert på (frivillig lag, stifting, aksjeselskap, forvaltningsorgan m.m.)

Vedtektene legg opp til ein meir åpen og inkluderande organisasjon som gir plass til alle regionale aktørar som ønskjer å engasjere seg i fellesskapet. Det einaste nye når det gjeld medlemskriterier er at kommunen v/Musikk-/kulturskolen får direkte medlemskap. Dette for å styrke samarbeidet med "grasrota" og for å få representasjon for det offentlege musikk-/kulturlivet i kommunen på lik linje med off. institusjonar på fylkesplan.

Oppgave nr. 1 er å utvikle fellesorgan i kommunane med breiare plattform enn berre musikk og få til eit tett samarbeid med dei kommunale musikk-/ kulturskulane.

Vidare framover er det intensjonen å invitere beslekta kunstuttrykk inn i same paraplyen og den langsiktige målsettinga er å samle alle kunstuttrykka på kulturområdet i ein felles paraplyorganisasjon.

 

Kva gjer vi?

Er du interessert i musikk- og kunstområdet enten i opplærings-, aktivitets- eller opplevingsdimensjonen?

Då kan vi hjelpe deg med:

    kurs og opplæring i faglege emne, organisasjonsutvikling og formidling
    informasjon og statlege og fylkeskommunale tilskotsordningar
    tilskot til vaksenopplæring gjennom Musikkens studieforbund
    tilskot gjennom ordninga FRIFOND
    å formidle kontakt med musikk og kulturlivet lokalt, regionalt og på landsplan
    å skape kontakt og samarbeid med andre aktørar på området gjennom vårt nettverk
    lage arenaer for fagleg og organisatorisk nyskaping og utviklingsarbeid
    å utvikle og arbeide fram musikk-/kulturpolitiske saker

Kontoret


Telemark kulturnettverk har kontora sine i Gullbring kulturanlegg i Bø.
I same kontorfellesskap finn du Folkemusikkarkivet i Telemark.

 



Kontakt oss

Telemark kulturnettverk
Gullbringvegen 34, 3800 Bø
Tlf: 35 06 06 80
E-post: telemark@musikk.no
Organisasjonsnummer: 971 325 704

 

VIS KONTAKTSKJEMA OG KART