Vedtekter TKN

Telemark kulturnettverk er ein paraplyorganisasjon for det organiserte kunst- og kulturlivet i Telemark.
Telemark kulturnettverk er ein open og inkluderande nettverksorganisasjon og ein regional møteplass for kulturaktørane i fylket og omfattar både offentlege institusjonar og frivillige organisasjonar / regionale lag og amatørar og profesjonelle miljø.

Telemark musikkråd vart stifta 1978 og endra namn til Telemark kulturnettverk (TKN) i 2005. Telemark kulturnettverk er partipolitisk nøytral.

Vedtatt på årsmøtet 19.04.2017

 

§ 1  FORMÅL

Kunst og kultur er ei kjelde til læring og personleg vekst, sosial samhandling, identitet og mellomkulturell forståing. Målet for arbeidet i TKN er både å bidra til personleg vekst og til å stimulere til sosial samhandling mellom aktørane i nettverket og innbyggarane i regionen.
TKN skal bidra til å gje menneske lik tilgang på kunnskap, innsikt og dugleik ved å arbeide for at alle skal få tilfredsstillande tilgang til opplæring, aktivitetar, forestillingar og kunst- og kulturopplevingar uavhengig av bustad og alder.
TKN skal nå desse måla ved å vektlegge følgjande hovedoppgaver:

  • Tilrettelegge for møteplassar og fellesarenaer for det organiserte kulturlivet i Telemark
  • Initiere og gjennomføre utviklingstrategiar og nyskaping innan kultursektoren i nært samarbeid med aktørane og fylkeskommunen
  • Vere eit kompetanse-, samarbeids- og serviceorgan for kulturlivet i Telemark
  • Gjennom høg kompetanse og gode nettverk utføre ulike forvaltningsoppgaver innan kunst- og kulturområdet
  • Vere eit kulturfagleg og kulturpolitisk interesseorgan for medlemmene.

§ 2   MEDLEMSKAP

§2.1    Medlemskap

Fylgjande kategorier kan bli medlem i TKN dersom dei har minimum ei av oppgavene opplæring, utdanning, aktivitet eller formidling av kunst- og kulturuttrykk som sentrale oppgaver:

  • Fylkesdekkande-/regionale kulturorganisasjonar
  • Institusjonar med regional eller nasjonal status
  • Regionale/ fylkesomfattande aktivitetar (ensemble/festivalar m.m)
  • Lokale fellesorgan - musikk-/kulturråd.
  • Kommunar v/ musikk-/kulturskulen

§2.2    Inn- og utmelding 

Styret avgjer opptak av nye medlemmer med årsmøtet som ankeinstans.
Inn- og utmelding skal skje skriftleg.

§ 3   ORGANISASJON

TKN er eit samarbeidsorgan for kulturlivet i Telemark fylke, med ansvar for eige budsjett og eigen administrasjon. Vidare er TKN organisasjonsledd av Musikkens studieforbund og Norsk musikkråd og gjennomfører tiltak og oppgaver i samsvar med Lov om Vaksenopplæring med føresegner og samarbeidsavtaler. TKN har det lokale organisasjonsleddet - musikk-/kulturråd- i kommunane som medlem og bindeledd i nettverket.

§ 4   ÅRSMØTET

Årsmøtet er TKN sitt øverste organ og blir halde innan utgangen av april annankvart år.

§4.1    Representasjon og rettar

Medlemmer kan stille på årsmøtet med inntil to representantar kvar med fulle rettar.
Når årsmøtet gjer vedtak i vaksenopplæringssaker har kun delegatar tilslutta Musikkens Studieforbund stemmerett.

§4.2    Møte og talerett

Fylgjande møter med tale- og forslagsrett:

  • Varamedlemmer i styret
  • Komitear valde av årsmøtet
  • Personar årsmøtet gir fullmakt.

§4.3    Observatørar

Fylgjande kan møte som observatørar:

  • Representantar frå alle medlemskategoriar.
  • Gjester invitert av styret.

§4.4    Innkalling og sakspapir         

Innkalling til ordinært årsmøte skal sendast ut to -2- månader før årsmøtet skal haldast. Framlegg til saker som skal opp på årsmøtet må vere sendt styret seinast ein -1- månad før. Styret sender ut fullstendig saksliste og sakspapir seinast 14 dagar før årsmøtet.

§4.5    Dagsorden for årsmøtet

Årsmøtet skal:

  1. Godkjenne fullmaktene til representantane
  2. Godkjenne sakliste og forretningsorden
  3. Velje dirigent, referentar, samt redaksjonskomité ved behov
  4. Velje to protokollunderskrivarar
  5. Handsame søknad om medlemsskap og ankesaker som gjeld opptak av medlemmer
  6. Handsame årsmelding
  7. Handsame rekneskapen
  8. Handsame innkomne saker som er oppført på saklista
  9. Handsame styret sitt framlegg til handlingsprogram
  10. Kontingent
  11. Handsame budsjett for komande periode
  12. Velje:
    Leiar, fire styremedlemmer og tre varamedlemmer til styret
    Tre medlem til valnemnd

    Alle val skal skjr skriftleg om nokon av delegatane krev det, eller om det er meir enn eitt framlegg

§4.6    Ekstraordinært årsmøte

Styret kallar inn med minst ein månads varsel til ekstraordinært årsmøte dersom minst 1/3 av medlemmene eller eit einstemmig styre krev det.
Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame dei sakene som er sett opp i innkallinga til møtet.

§ 5    STYRET

§5.1    Samansetning 

Årsmøtet vel leiar og fire styremedlemmer, samt tre varamedlemmer.
Styret konstituerer seg sjølv med nestleiar.

§5.2    Mandat og oppgaver

Styret skal:

  • Leie TKN i perioden mellom årsmøta
  • Setje i verk vedtak gjort av årsmøtet
  • Tilsette personale i samsvar med vedtak og behov
  • Opprette utval som styret finn nødvendig
  • Oppnemne representantar til aktuelle organ /utval
  • Utarbeide årsmelding og rekneskap
  • Utarbeide framlegg til handlingsprogram og budsjett
  • Velje utsending(ar) til landsmøtet i Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund

Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og to (2) medlemmer er til stades.
Ved likt stemmetal har leiaren dobbelrøyst.

§5.3    Spesialoppgaver for styret

Når styret handsamar vaksenopplæringssaker har kun styremedlemmer som representerer Musikkens studieforbund stemmerett.

§ 6  LEIARMØTE

Styret kallar inn leiarane i alle medlemskategoriane til møte når styret bestemmer det.
Møtet er rådgjevande i høve til styret.

§