![]() |
Telemark kulturnettverker ein paraplyorganisasjon for det organiserte kunst- og kulturlivet i Telemark. Telemark kulturnettverk (TKN) er ein open og inkluderande nettverksorganisasjon og ein regional møteplass for kulturaktørane i fylket. TKN omfattar både offentlege institusjonar og frivillige organisasjonar / regionale lag, amatørar og profesjonelle miljø.
Årsmøtet 2005 vedtok å skifte namn frå Telemark musikkråd til Telemark kulturnettverk.
Vi kallar oss nettverk for lettare å kunne inkludere ulike aktørar innan fylket uavhengig av måten dei er organisert på (frivillig lag, stifting, aksjeselskap, forvaltningsorgan m.m.) Vedtektene legg opp til ein meir åpen og inkluderande organisasjon som gir plass til alle regionale aktørar som ønskjer å engasjere seg i fellesskapet. Det einaste nye når det gjeld medlemskriterier er at kommunen v/Musikk-/kulturskolen får direkte medlemskap. Dette for å styrke samarbeidet med "grasrota" og for å få representasjon for det offentlege musikk-/kulturlivet i kommunen på lik linje med off. institusjonar på fylkesplan. Oppgave nr. 1 er å utvikle fellesorgan i kommunane med breiare platform enn berre musikk og få til eit tett samarbeid med dei kommunale musikk-/ kulturskulane. Vidare framover er det intensjonen å invitere beslekta kunstuttrykk inn i same paraplyen og den langsiktige målsettinga er å samle alle kunstuttrykka på kulturområdet i ein felles paraplyorganisasjon. |

