Vedtekter for Telemark kulturnettverk
Telemark kulturnettverk er ein paraplyorganisasjon for det organiserte kunst- og kulturlivet i Telemark.
Telemark kulturnettverk er ein open og inkluderande nettverksorganisasjon og ein regional møteplass for kulturaktørane i fylket og omfattar både offentlege institusjonar og frivillige organisasjonar / regionale lag og amatørar og profesjonelle miljø.
Telemark musikkråd vart stifta 1978 og endra namn til Telemark kulturnettverk (TKN) i 2005. Telemark kulturnettverk er partipolitisk nøytral.
Vedtatt på årsmøtet 22/4-2005.
| § 1 | FORMÅL | |
|
Kunst og kultur er ei kjelde til læring og personleg vekst, sosial samhandling, identitet og mellomkulturell forståing. Målet for arbeidet i TKN er både å bidra til personleg vekst og til å stimulere til sosial samhandling mellom aktørane i nettverket og innbyggarane i regionen.
|
||
| § 2 | MEDLEMSKAP | |
| §2.1 | Medlemskap | |
|
Fylgjande kategorier kan bli medlem i TKN dersom dei har minimum ei av oppgavene opplæring, utdanning, aktivitet eller formidling av kunst- og kulturuttrykk som sentrale oppgaver:
|
||
| §2.2 | Inn- og utmelding | |
|
Styret avgjer opptak av nye medlemmer med årsmøtet som ankeinstans. |
||
| § 3 | ORGANISASJON | |
|
TKN er eit samarbeidsorgan for kulturlivet i Telemark fylke, med ansvar for eige budsjett og eigen administrasjon. Vidare er TKN organisasjonsledd av Musikkens studieforbund og Norsk musikkråd og gjennomfører tiltak og oppgaver i samsvar med Lov om Vaksenopplæring med føresegner og samarbeidsavtaler. TKN har det lokale organisasjonsleddet - musikk-/kulturråd- i kommunane som medlem og bindeledd i nettverket. |
||
| § 4 | ÅRSMØTET | |
|
Årsmøtet er TKN sitt øverste organ og blir halde innan utgangen av april kvart år. |
||
| §4.1 | Representasjon og rettar | |
| Medlemmer kan stille på årsmøtet med inntil to representantar kvar med fulle rettar. Når årsmøtet gjer vedtak i vaksenopplæringssaker har kun delegatar tilslutta Musikkens Studieforbund stemmerett. |
||
| §4.2 | Møte og talerett | |
|
Fylgjande møter med tale- og forslagsrett:
|
||
| §4.3 | Observatørar | |
|
Fylgjande kan møte som observatørar:
|
||
| §4.4 | Innkalling og sakspapir | |
|
Innkalling til ordinært årsmøte skal sendast ut to -2- månader før årsmøtet skal haldast. Framlegg til saker som skal opp på årsmøtet må vere sendt styret seinast ein -1- månad før. Styret sender ut fullstendig saksliste og sakspapir seinast 14 dagar før årsmøtet. |
||
| §4.5 | Dagsorden for årsmøtet | |
Årsmøtet skal:
Alle val skjer skriftleg om det finns meir enn eitt framlegg , eller om nokon krev det. |
||
| §4.6 | Ekstraordinært årsmøte | |
|
Styret kallar inn med minst ein månads varsel til ekstraordinært årsmøte dersom minst 1/3 av medlemmene eller eit einstemmig styre krev det. |
||
| § 5 | STYRET | |
| §5.1 | Samansetning | |
|
Styret er sett saman av leiar og fire (4) styrerepresentantar valde av årsmøtet. |
||
| §5.2 | Mandat og oppgaver | |
|
Styret skal:
Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og to (2) medlemmer er til stades. |
||
| §5.3 | Spesialoppgaver for styret | |
|
Når styret handsamar vaksenopplæringssaker har kun styremedlemmer som representerer Musikkens studieforbund stemmerett. |
||
| § 6 | LEIARMØTE | |
|
Styret kallar inn leiarane i alle medlemskategoriane til møte når styret bestemmer det. |
||
| § 7 | ENDRINGAR I VEDTEKTENE | |
|
Endringar i vedtektene kan berre skje på ordinært årsmøte. |
||
| § 8 | OPPLØYSING | |
|
Framlegg til oppløysing av TKN må handsamast på ordinært årsmøte. |
||

Vedtekter 2005