A.O. Vinje-jubileet 2018

21.02.2018

Aasmund Olavsson Vinje blei fødd i Vinje 6. april 1818. Han var ein diktar, talar og journalist som ingen var likegyldig til i si samtid. I dag er han ein av dei mest folkekjære diktarane våre. Dikt og songar som «Blåmann», «Våren» og «Ved Rondane» vert framleis brukte til kvardag og fest.

Kulturlivet i Telemark er med og feirer 200-årsjubileet for denne store og markante diktaren med nye arrangement av dei mest kjende sangane hans tilrettelagt for korps, kor og solistar. Arrangementa skal stimulere til samarbeid mellom kor og korps rundt om i landet i jubileumsåret. Vi håper at musikklivet rundt om i bygd og by vil  vere med å hylle diktaren med konsertar og kulturarrangement.

Telemark fylkeskommune, Frifond kompetanse, Vinje kommune og Telemark kulturnettverk er tilskotsytarer.

Notemateriell kan du bestille  her.

Telemark kulturnettverk har, i samarbeid med Vinje-nemnda, stått for idé og gjennomføring av prosjektet.

Telemarkkomponistane  Øyvind Strand, Jon Rørmark og Magne Rutle har arrangert 5 Vinjesongar for korps, kor og solistar. I tillegg  har Øyvind og Jon komponert kvar sin marsj med tema frå kjende Vinjesonar. Marsjane vonar me mange korps vil ta i bruk 17.mai og på den måten vere med å markere 200-årsjubileet for A.O. Vinje.

Tittel Komponist Arrangement Besetning Pris
 Fedra-marsj Øyvind Strand   Janitsjar (vanskegrad 3) 500
 A.O.Vinje-marsjen Jon Rørmark   Janitsjar (vanskegrad 3-4)  500
 Ved Rondane Edvard Grieg Øyvind Strand Janitsjar med vokalsolist 700
 Du gamle mor Edvard Grieg Jon Rørmark Janitsjar med 4-stemt blanda kor  700
 Kunnskap skal styre Johan D. Behrens Jon Rørmark 4-stemt blanda kor / blåsegruppe  250
 Den dag kjem aldri Folketone Magne Rutle Janitsjar med 4-stemt blanda kor 700
 Tytebæret Marius M. Ulfrstad Magne Rutle Janitsjar med vokalsolist  700
 Eit syn Edvard Grieg Magne Rutle Janitsjar med vokalsolist  700

 

Det er og ønskeleg at det lokale musikk- og kulturlivet er med å markere jubileet ved å sette opp Vinjesongar på repertoaret  i konsertar gjennom året.


 

Litt om komponistene.

Bestill noter her.

Link til A. O. Vinje-jubileet.

Wikipedia kan du lese mer om Aasmund Olavsson Vinje.

Kontakt oss

Telemark kulturnettverk
Gullbringvegen 34, 3800 Bø
Tlf: 35 06 06 80
E-post: telemark@musikk.no
Organisasjonsnummer: 971 325 704

 

VIS KONTAKTSKJEMA OG KART