Nye komposisjoner / arr:

Tittel Komponist Arrangement Besetning Pris
 Fedra-marsj Øyvind Strand   Janitsjar (vanskegrad 3) 500
 A.O.Vinje-marsjen Jon Rørmark   Janitsjar (vanskegrad 3-4)  500
 Ved Rondane Edvard Grieg Øyvind Strand Janitsjar med vokalsolist 700
 Du gamle mor Edvard Grieg Jon Rørmark Janitsjar med 4-stemt blanda kor  700
 Kunnskap skal styre Johan D. Behrens Jon Rørmark 4-stemt blanda kor / blåsegruppe  250
 Den dag kjem aldri Folketone Magne Rutle Janitsjar med 4-stemt blanda kor 700
 Tytebæret Marius M. Ulfrstad Magne Rutle Janitsjar med vokalsolist  700
 Eit syn Edvard Grieg Magne Rutle Janitsjar med vokalsolist  700

 

Fedra-mars

Tekst: Aasmund Olavsson Vinje
Melodi: Trad. ukjend
Komponist: Øyvind Strand

Marsjen byggjer på melodien til Vinjes dikt «Fedraminne» frå 1868, etter kvart meir kjend som sangen « At far min kunne gjera», til ein gammal melodi med ukjent opphav.

Partitur:
 


 

A. O. Vinje-marsjen

Tekst: Aasmund Olavsson Vinje
Melodi: Div. (Th.Frøhlich/M.M.Ulfrstad/Anne Haavie)
Arrangement/komp:  Jon Rørmark

Marsjen er skriven for janitsjarkorps. Den har ei tradisjonell marsj-form, og er fritt basert på melodiane frå songane: Her ser eg fagre, Tytebæret og Blåmann, Blåmann. Songane høyrest både i originalform og tilarbeidd, der melodiføringane er inspirert av originalen. Dette gjeld spesielt for songen Tytebæret.

Marsjen skal ha ein lett og ”glad” karakter, der bruk av dynamikk er viktig.

A-delen kan alternativt syngjast, for dei som har tekst i notane. (Her er det melodi, tidvis med andrestemme.)

(Om ønskeleg  kan D-delen også syngjast for dei som har melodilinje, men her er ikkje teksten skriven inn. Dette gjeld fløyte og klarinettar.)

Blåmann, Blåmann, bukken min,
tenk på vesle guten din!
Bjørnen med sin lodne fell
kan deg taka seint i kveld.

Partitur:


 

Ved Rondane

Tekst: Aasmund Olavsson Vinje
Melodi: Edvard Grieg
Komponist: Øyvind Strand
 

Diktet skreiv Vinje i «Ferdaminne frå sumaren 1860» då han gjekk til fots til Trondheim for å bivåne kroninga av kong .  melodien er komponert av Edvard Grieg i 1870-åra.

Arrangementet er gjort for janitsjarorkester og sangsolist. I mangel av sangsolist kan solostemma framførast av instumentalsolist.

Partitur:


Du gamle mor

Tekst: Aasmund Olavsson Vinje
Melodi: Edvard grieg
Arrangement: Jon Rørmark

Arrangementet er skrive for janitsjarkorps, kor og evt. songsolist. Det er harmonisert litt ulikt i dei ulike versa, med eit instrumentalvers før det siste verset, der Grieg sin eigen harmonisering er nytta. Det er viktig at det er framdrift i utføringa sjølv om stykket går i moll, slik at det ikkje vert for slepande og tungt.
Arrangementet kan også framførast både som allsang og instrumentalt. (Sjå stikknotar i enkelte stemmer).

Partitur:


 

Kunnskap skal styra

Tekst: Aasmund Olavsson Vinje
Melodi:    Joh. D. Behrens
Arrangement: Jon Rørmark

Arrangementet er skrive for kor (SATB), og kan supplerast med akkompagnement av blåsarar (kvartett). Arrangementet har tatt opp i seg det lyriske i Behrens moll-melodi, men bør likevel framførast ”bestemt” og med framdrift så den ikkje opplevast for melankolsk.
Dersom den framførast acapella kan ein fritt nytta ein lysare toneart (t.d. Fiss-moll eller G-moll).

Partitur:


 

Den dag kjem aldri

Tekst: Aasmund Olavsson Vinje
Melodi: Folketone
Arrangement: Magne Rutle    

Arrangementet er skrive for janitsjarkorps og blandakor. Musikken er forma ut frå ei tolking om at det er to personar som lengtar etter kvarandre. Kanskje på kvar sin kant, geografisk, eller på anna vis. I koret er det delt inn i sopran- og alt-stemmer, men alle damestemmer kan gjerne synga der det er unisont. Viktig med lange, uthaldne tonar i både koret og blåsarane, for å gi god energi i klangen.
Kvar stemme i koret er i store deler av arrangementet støtta av eit blåseinstrument i korpset. Det er viktig at blåsarane har ”vikeplikt” for at teksten og korklangen kjem i førarsetet – dynamikken i blåsarane er vegleiande – så det så! Ved lange tonar i blåsarane treng ein å puste på forskjellige stader.

Partitur:


Tytebæret

Tekst: Aasmund Olavsson Vinje
Melodi: Marius Moaritz Ulfrstad
Arrangement: Magne Rutle    

Arrangementet er skrive for janitsjarkorps og songsolist. Tonearten passar kanskje best for tenor og sopran, men er også tenkt som allsong. Teksten og melodien er frisk og lett. Utfrå det er musikken skriven i ein lett og elegant swingrytme. Viktig med varm klang i alle dynamikkar. Firedelar og åttedelar spelast lange, men med god, aktiv framdrift. Trommesett og congas har frie rollar – ein god gruv er viktigare enn at alle notane er ”på plass”.
Som alternativ til bruk av vokalsolist kan  stykket også gjennomførast med solostemma på instrument (sjå vedlagde solostemmer).

Partitur:


 

Eit syn

Tekst: Aasmund Olavsson Vinje
Melodi: Edvard grieg
Arrangement: Magne Rutle    

Arrangementet er skrive for janitsjarkorps og songsolist. Tonearten passar kanskje best tenoren sitt leie, men er også tenkt som allsong.  Stilmessig er musikken lagt i latininspirerte rytmar og med jazzpåverka harmonikk, men heile med Grieg sin vakre grunnklang som bakgrunn. Viktig at alle spelar lett og elegant, med varm klang i alle dynamikkar. Firedelar og åttedelar spelast lange, men med god, aktiv framdrift. Slagverk og perkusjon har ei fri rolle – ein god gruv er viktigare enn at alle notane er ”på plass”.
Arrangementet kan også framførast som allsang i staden for eller som variasjon til vokalsolist. Som alternativ til vokalsolist kan  stykket også gjennomførast med solostemma på instrument (Sjå vedlagde solostemmer).

Partitur:


 

Kontakt oss

Telemark kulturnettverk
Gullbringvegen 34, 3800 Bø
Tlf: 35 06 06 80
E-post: telemark@musikk.no
Organisasjonsnummer: 971 325 704

 

VIS KONTAKTSKJEMA OG KART