Telemark folkemusikksenter

27.02.2017 Telemark KNV

Telemark folkemusikksenter er etablert!
Kompetansesenter for folkemusikk, som del av det rytmiske kompetansenettverket, er no formelt etablert som eigen organisasjon. Stiftarane er Telemarkfestivalen, Telemark folkemusikklag, Folkemusikkarkivet i Telemark og Telemark kulturnettverk.  Senteret er ein del av dei regionale rytmiske sentra som er etablert og under planlegging rundt om i landet. Bømiljøet har fått ansvar for å utvikle eit kompetansesenter for sjangeren folkemusikk og etter eit års interrimsperiode vart ein formell organisasjon stifta i 2015. Senteret skal mellom anna drive med produksjon og formidling av folkemusikk og –dans, støtte dei  frivillige aktivitetane og vere med å utvikle sektoren både fagleg og organisatorisk. Andre regionale aktørar på folkemusikkfeltet i Telemark og Agder er velkomne til å gå inn som medlemer.

Bakgrunn
Utgangspunktet for å utvikle eit slikt senter i Telemark var etableringa av kompetansesenter og -nettverk innafor såkalla rytmisk musikk. I vår landsdel har vi Sørnorsk kompetansenettverk der Sørnorsk jazzsenter i Arendal og SØRF i Kristiansand er aktørar for høvesvis jazz og pop/rock. Telemarkfestivalen har vore foreløpig aktør på folkemusikksida, men har ønska å styrke verksemda ved å trekke inn fleire folkemusikkaktørar i regionen. Det er det som nå har skjedd ved etableringa av Telemark folkemusikksenter. Målet med kompetansenettverka er å styrke samarbeidet på tvers av fylkesgrensar og sjangrar. Dei skal primært fungere som stimulans for musikkbransjen, ved å drive utviklings- og opplæringsarbeid og vere støttespelar og bindeledd mellom aktørane. Men dei enkelte sentra kan også, alt etter kva som finst i regionen elles, ha mange andre oppgåver.

Kva skal Telemark folkemusikksenter drive med?
Vi har som målsetting at senteret skal drive eit allsidig arbeid til hjelp og stimulans for folkemusikkaktørane i distriktet, både på det profesjonelle feltet og innafor frivillig verksemd.
Vi ønsker å


Mange og store oppgåver! MEN:
Vi må starte i det små. Vi har pr i dag ikkje fått løyvingar korkje frå staten eller fylkeskommunane, og vi har derfor ingen tilsette ennå. Men vi har langsiktige strategiar og prøvar å få verksemda på beina litt etter litt. Vi startar med hovudtyngda i Telemark, men ønsker etter kvart å få kontakt med arrangørar, utøvarar og andre folkemusikkaktørar i heile regionen.

Konkrete planar for 2015:


Ta kontakt om du har spørsmål, kommentarar eller ønske! Om du vil spreie informasjonen om senteret til dine miljø, er vi takksame for det.

Kjell Stundal Leiar Tlf. 35060680/90127513 kjell.stundal@musikk.no
Kristoffer Mosfjeld Styremedlem Tlf. 48205066 post@telemarkfestivalen.no
Kari Lønnestad Styremedlem Tlf. 35060686/90136992 boe@folkemusikkarkivet.net

 


Vedtekter