Vaksenopplæringstilskot (klikk her for meir info...)

26.06.2017

Litt info om vaksenopplærings-systemet i Musikkens studieforbund (MSF):

Laget ditt må være medlem i ein av medlemsorganisasjonane i MSF
Tilskotssatsane vert fastsett årleg av MSF. For 2017 er dei på inntil 100 kr. pr time med lærar og inntil 40 kr. pr time utan lærar.
Deltakeren må ha fylt 14 år innen utgangen av året opplæringen foregår.
Minst 3 av deltakarane må ha møtt fram minst 75% av timane i kurset.
Tiltaket må gå over minst 8 timar.

Kursaktiviteten vert no registrert i KursAdmin og det er laget sjølv som skal legge inn informasjonen. Ta kontakt med oss om du manglar brukarnamn og passord til systemet eller treng hjelp for å handtere det.
Du kan lese meir om KursAdmin på nettsidene til MSF.

Voksenopplæringslova med forskrift om studieforbund og nettskoler.

Eit kurstiltak skal ha dei same deltakarane gjennom heile kurset. Om heile laget ditt har eit helgeseminar kan du ta med desse timane på den ordinære øvinga. Om laget ditt t.d. har stemmeøvingar må du opprette nye tiltak, eit tiltak for kvar stemmegruppe.
Lærar / instruktør skal ikke registreras som deltakar.

Kurstiltaket tar utgangspunkt i studieplanen. MSF godkjenner studieplanar og legg dei ut i KursAdmin. Planane dekker dei fleste opplæringsaktivitetane, så du kan sannsynlegvis finne ein som passar for ditt lag. Nokre av studieplanane godkjenner inntil eit par konsertar som studietid. Oversikt over studieplanane og om konserttid er godkjend finn du her.

Er konserten eit samarbeidsprosjekt kan kun eit av laga som samarbeider rapportere øvings- og konsert-timar.
Øvings- og konserttid i utlandet vert ikkje godkjend.
Hugs å legge ved repertoarliste (om du treng skjema finn du eit her) . Du må òg legge ved plakat/konsertprogram dersom du har med konserttid i frammøtet ditt, eller du må legge ved ein kort omtale av konserten med stad, tidspunkt, program.

Sønadsfrist for vårsemesteret og rapporteringsfrist for haustsemesteret er 1. januar.
Søknadsfrist for haustsemesteret og rapporteringsfrist for vårsemesteret er 1. juli.

Tiltaket skal registreras i KursAdmin før aktiviten startar. Førebels repertoarliste skal og lastas opp, eller du kan notere den ned under fana Læremidler i Kursdetaljer. Hugs å endre status på kurset til Åpnet så du får tilgang til Avslutt kursw-knappen. Når kurset er avslutta lastar du opp endelig repertoarliste om den avviker frå førebels.

På nettsidene til Musikkens studieforbund finn du meir informasjon om støtte til kurs etter Vaksenopplæringslova. Her kan du søke om kurstilskot, finne fram til studieplanane og anna informasjon om vaksenopplæringssystemet i Musikkens studieforbund.

Treng du papirskjema finn du det på nettsidene til MSF.

Kontakt oss

Telemark kulturnettverk
Gullbringvegen 34, 3800 Bø