Telemark musikkteater (TMT)
er eit tre-årig utviklingsprosjekt med musikkteater for ungdom mellom 16 og 26 år frå Telemark. Målet er å få tiltaket etablert som eit fast årleg tiltak. Telemark kulturnettverk står formelt som hovudeigar av prosjektet med Seljord Folkehøgskole og Skien videregående skole som medarrangørar. Tiltaket vert finansiert m.a. ved regionale utviklingsmidlar frå fylkeskommunen (350.000 i 2008 og 2009). I tillegg er kommunar og næringsliv med på finansieringa med betydelege beløp. Også Seljord folkehøgskole er bidragsytar med store beløp i form av instruktørtenester.
Seljord Folkehøgskole er også base for helge-øvingane. I tillegg kjem kveldsøvingar på Skien videregående skole og Bø ungdomsskule.
Premierestad er Granvin kulturhus i Seljord. Andre framsyninger er planlagt / har vore på Gullbring kulturanlegg i Bø, Vinjehuset og Ibsenhuset.
Våren 2008 sto musikalen Hair på repertoaret. No er teateret i gang med innøvinga av West Side Story med premiere i Seljord 24. januar 2009.
Målsettinga for TMT:
- Gje ungdom i Telemark tilbod om fagleg utvikling innan musikk, dans, drama, scenografi, kostyme og sceneteknikk ved å vere med på årlege oppsettingar med profesjonelle instruktørar
- Styrke omdøme og identitet ved at deltakarane opplever at det skjer i heimedistriktet
- Synleggjere for eit breitt publikum kva ungdomen kan skape av kultur og opplevingar
- Styrke nynorsk og dialektar som bruks-språk og scenisk språk i Telemark
- Styrke samspelet mellom fylkeskommuen, kommunane og frivillig kulturliv om kultur og ungdomstilbod som ein viktig del av ei regional utvikling
- Trekke til seg og styrke fagmiljø av kunstnarar for å bli betre i stand til å lage eigne kulturproduksjonar i Telemark
- Styrke kompetansen gjennom samarbeid mellom frivillige og profesjonelle aktørar