Vaksdal musikkråd

mf-fosse-andreassen.jpg


Vaksdal musikkråd (VMR) er ein samarbeidsorganisasjon for musikklivet i Vaksdal kommune.

Eit lokalt musikkråd er ei samanslutning av dei ulike laga som driv innanfor musikkområdet i kommunen, og målet er å vere eit felles talerør ovanfor politikarar og myndigheiter.

Me har rådgjevande funksjon i forhold til kommunale saker som angår musikklivet, eit eksempel på dette er instrumentfondet, der tildelinga skjer etter søknad og råd frå oss.

Musikkrådet skal arbeide for best mulige forhold for dei ulike musikklaga og dei musikkinteresserte i kommunen, for alle musikksjangre.

VMR er vårt lokale ledd i musikkrådsstrukturen i Noreg og me vil freiste å få til tiltak og oppgåver i henhold til samarbeidsavtalar og Lov om voksenopplæring utarbeidd av Norsk Musikkråd og Musikkens studieforbund.

Dette inneber m.a å innføre ein handlingsplan for å styrkje musikklivet i kommunen. Denne dreiar seg i hovudsak om politisk påverknad, arbeid med forbetring av lokaler/kartleggjing av behov, rammebetingelsar, og konkrete fellestiltak (som felles konsertar, sørgje for at medlemslaga blir brukt ved store arrangement osb.)

VMR har 9 medlemslag:

Ao-bandet

Blanke messingen

Dale mannskor

Dale musikkforening

Dale og Stanghelle skulekorps

Kordial

Kilden

Vaksdal musikklag

Vaksdal skulemusikk

steinkopf-kor.jpg

kilden


17.-mai-side-1.jpg

Oppdatert:
av Jon G. Olsen - admin


Utviklet av Renommé Communication