| Arkiv | Telemark

Velkommen til Sjokoladekappleik 2006!

Seljord juniorspele-
mannslag, Tusseleiken og Seljord spelemanns lag ynskjer alle velkomne til Sjokoladekappleik på Granvin kulturhus i Seljord laurdag 25.mars 2006 kl 12.00.


Påmelding frå kl 11. Førehandspåmelding kan også skje til Torunn Raftevold Rue, tlf. 350 52 128 eller e-post: trrue@online.no
Born og deltakarar gratis / vaksne kr 50,-
Me spanderer saft, kaker og kaffi! Pølser og brus vert å få kaupt.

Alle er hjarteleg velkomne!



Kva er Sjokoladekappleik?
Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med folkemusikk (spel, dans og kveding) kan delta. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena.
Tiltaket er så bra at Landslaget for spelemenn (Lfs) har teke det inn i handlingsprogrammet sitt som eit satsingsområde. Sjokoladekappleikane som vert arrangert i Bø og Seljord er malar for dette.

Det er viktig å ha ein arena for å vise fram det ein driv med innan musikk og dans, og det er viktig å starte i ung alder for å bli trygge på scena. Først og fremst er det moro på Sjokoladekappleik!

I fjor var det mellom 30 og 40 ulike innslag på scena. Det var 75 born som spelte, song og dansa på Granvin. Ungar frå mange kommunar deltok. Dei kom frå Bykle, Bø, Hjartdal, Nome, Sauherad, Seljord, Tokke og Vinje!

Det er 8.gongen Sjokoladekappleiken i Seljord vert arrangert. Første gong var i april 1999. Alle gongane har det vore stor deltaking av ungar i alderen 4 - 20 år. Vi har har kjøpt inn litt skikkelege premiar; m.a. Cd-ar med folkemusikk til dei som torer seg frampå scena heilt åleine. Sjokoladekappleiken 25.mars i år er støtta økonomisk av Musikkverkstadordninga (MVO) og Seljord sparebank.

Hjarteleg velkomne til Sjokoladekappleik 2006 alle saman - deltakarar og publikum!

Oppdatert:
av Heidi E. Vege


Kontakt oss

Telemark kulturnettverk
Gullbringvegen 34, 3800 Bø
Tlf: 35 06 06 80
E-post: telemark@musikk.no
Organisasjonsnummer: 971 325 704

VIS KONTAKTSKJEMA OG KART