Velkomen til Voss musikkråd
Voss musikkråd (VMR) skal representere heile det lokale kulturlivet ved å delta i lokale planprosessar og synleggjera seg overfor kommunen og medlemma.
VMR skal væra ein pådrivar for å skaffa gode lokaler til kulturformål og gje gode rammevilkår for dei lokale laga.
Kommunale kulturmidlar 2012 til Ungdomsarbeid og Song og musikkUtval for miljø og kultur (MKU) tek sikte på å fordela kommunale kulturmidlar til ungdomsarbeid og song og musikk i juni-møtet. Dette blir hovudfordelinga i 2012 for Ungdomsarbeid og Song/musikk. Tilskott av kulturmidlane kan gjevast til Vanleg lagsdrift - Nye tiltak - Tidsavgrensa Prosjekt - Leiaropplæring. Orienteringsark og søknadsskjema er lagt ut på kommunen si nettside (sjå under "Sjølvbetening"), og kan eventuelt hentast i Servicetorget. Det vert ikkje sendt ut skjema direkte til laga. Søknadsfrist er 7. mai 2012 Søknadsskjema kan lastes ned her...... |
![]() |
FRILUFTSCENENVoss Musikkråd er eigar av Friluftscenen på Prestegardslandet like ved Vangsvatnet i vakre omgjevnader sentralt på Voss. Scenen vart opna 23 Juni 2001. Friluftsscena kan brukast til ulike former for kulturaktivitetar, som song, dans, teater, revy møte og stemne av ymse slag og premieutdeling etter idrettstevlingar. Det har også vore arrangert rockefestival på Friluftscenen og Gardemusikken spelte på utescena sist dei vitja Voss sommaren 2002. Elles har vi hatt besøk av korps, kor og folkemusikk frå USA, England og Littauen bl.a. i tillegg til mange norske. Sidan opninga har Friluftscenen vore fast endeplass for barnetoget under 17. mai feiringa på Voss. Her kan barna boltre seg på den digre grasplenen og kjøpe is og pølser i dei ulike salsbodane frå dei lokale idrottslaga som arrangerer 17. mai på Voss. Medlemslaga til Voss Musikkråd og lokale orkester, korps, kor og band som har tilskipingar utan inngangspengar, får leiga scena gratis. For andre er grunntaksten kr 1000,- pr. dag. Ved større tilskipingar kan taksten vurderast. Alle tilskiparar som brukar straum, betalar denne etter målaravlesing. Inntektene frå utleige av scena går til å dekkje driftsutgifter og nedbetaling av byggjelån. Voss musikkråd jobbar aktivt for at Friluftscenen skal vera ein attraktiv stad å møtast under ulike tilskipingar frametter og at lokale innbyggjarar og besøkjande kan nyta konsertar og andre tilstellingar i tida som kjem. Les meir om Friluftscena ved å klikka på dedikert knapp i menyfeltet til høgre eller ved å klikke her... Styret |
Kulturhuset - oppsummering og status etter eit års driftMiljø- og kulturutvalet handsama saka til møtet 1. mars 2012. Utvalet ynskjer med dette å invitera interesserte til å koma med sine innspel til saksdokumentet. Frist for innspel: 12.april 2012 Les meir på kommunen si heimeside.... |
Årsmøte i Voss musikkråd 2. februar 2012Årsmøte i voss musikkråd vart helde i Hålandshuset på torget i Festival Voss/Vossa Jazz sitt møtelokale over Tre Brør Café. Vanlege årsmøtesaker.
|
![]() |
Konferanse 16. - 17. mars: Samarbeid og samspill i musikklivetLandskonferansen for lokale musikkråd har denne gangen fokus på samarbeid og samspill, og hvor viktig dette er for utvikling og vekst av musikklivet. Her trenger vi gode samarbeidsplattformer mellom offentlig og frivillig sektor, vi trenger gode lokaler til øving og fremføring av musikk, og ikke minst trenger musikklivet forutsigbare rammer. TID: 16. - 17. MARS Les mer på arrangøren Hordaland musikkråd sine sider her...
|
Til alle storband, orkester og korpsBli med i konkurransen om å få målt akustikken og lydnivået i ditt øvelokale. Målet vårt er å få en god oversikt over hvordan øvesituasjonen er rundt om i landet, og på den måten kunne arbeide for å forbedre øvingsforholdene til det frivillige musikklivet. Gode øveforhold gir bedre musikalsk kvalitet, større trivsel og kan forhindre hørselskader.
Les mer om og meld deg på konkurransen her: http://www.musikklokaler.no/mittovelokale/ Vedlagt finner du også informasjon om konkurransen og hvem som vant 1. Trekning.
Neste trekning er 1. Februar 2012. Les mer ved å klikke på filen under. |
Festival Voss arrangerte kulturdebatt 9.09 i OsasalenFestival Voss inviterte dei lokale partileiarane til kulturdebatt: |
![]() |
Operakonsert i Voss Kulturhus 19.3 og 20.3Orkesteret Fossegrimen skipar til konsert i Voss Kulturhus i helga. Laurdag kl. 17.00 og søndag kl. 19.00. Solist: Ingrid Langen Fjose (sopran) og Arild Helleland (bilde - tenor) Konfransier: Alf Jansen Billettar kr. 200,- kan kjøpast i kiosken eller på www.vosskulturhus.no. Born under 16 år gratis. Les mer her..... |
![]() |
Konsert med Voss Musikklag & Voss Storband i Kulturhuset 3. mars 2011Voss Musikklag og Voss Storband held konsert i Voss Kulturhus torsdag 3. mars kl. 19.00. Det blir ein variert konsert i 3 avdelingar med fellesnummer og individuelle framføringar frå Voss Musikklag og Voss Storband. Pris: Vaksne 150,- / familie 300,- Student/honnør 100,- Born opp til 12 år Gratis. |
SPENNENDE LYTTEKURS MED LEIF OVE ANDSNES OG KETIL HVOSLEF
Hordaland musikkråd har i flere år arrangert lyttekurs i tilknytning til et utvalg av Bergen Filharmoniske Orkester sine konserter i Grieghallen. Denne våren arrangerer vi følgende flotte lyttekurs/konserter som vi gjerne også vil tilby våre medlemmer til medlemspris:
Mandag 21. Mars på Sardinen USF kl 18.30 - 21.00, Leif Ove Andsnes og mandag 11. April på Sardinen USF kl 18.30 - 21.00 med Ketil Hvoslef.
PRISER
Pris kurs (inkl konsert): 400/medlemmer: 350
Begge kursene samlet: 700/medlemmer: 600
Påmeldingsfrist 1. Februar. Les mer her....
Årsmøte i Voss musikkråd 27. januar i det nyopna Voss kulturhusÅrsmøtet i Voss musikkråd er gjennomført. 11 frammøtte og 7 medlemslag vart representert. Referat frå årsmøtet og årsmelding finn de nedanfor. |
![]() |
Kutrurhuset opnar 6. januar 2011Voss musikkråd ved leiar Brynjulv Norheim og Øystein Dahl var den 26. oktober på synfaring i det nye Kulturhuset saman med andre frivillege lag og organisasjonar på Voss. Kommunen hadde invitert oss på ein sniktitt på Voss si nye storstue. Voss kommune var representert med Olav Bjørke, Gunnhild Utkvitne og sjef for det nye kulturhuset Tine Randen. I dei 2 første månadene etter opninga vert lag og organisasjonar invitert til å ta i bruk det nye kulturhuset sine fasilitetar gratis. Ta kontakt med Tine Randen for å få ein avtale. |
Kommunale tilskottsmidlar til kulturføremål i 2010-budsjettet skal fordelast.Stønadsmidlane til Song og Musikklag vart fordelte i vår. Attende til fordeling står midlar til: Ungdomsarbeid - Anna kulturarbeid - Kulturminnevern - Kulturbygg Tilskott kan gjevast til:
Søknader som skal handsamast ved denne tildelinga, må vera Voss kommune i hende innan 15. oktober 2010. Søknadsskjema og nærare opplysningar om stønadsordningane kan hentast i Servicetorget, Voss Tinghus, eller bruk lekkja nedanfor! Nærare info: tlf 56519400 Servicetorget. eller klikk her |
![]() |
Nye kultursjefar i Voss kommuneGunnhild Utkvitne er tilsett som kommunalsjef for den nyoppretta kommunalavdelingen "Kultur og fritid" som offisielt trer i funksjon frå i 1. september 2010. |
![]() |
Tine Randen blir sjef for det nye kulturhuset som er under arbeid. Voss kulturhus blir opna når alle brukarfunksjonane er på plass etter nyttår ein gong |
![]() |
Oppstart lag og organisasjonar hausten 2010Dei fleste av medlemmane i Voss musikkråd har starta opp att haustsesongen. Her frå Voss Musikklag si første øving i kantina på Voss ungdomsskule. |
![]() |
Kulturhusopninga lyt utsetjastDet nye kulturhuset på Voss kjem ikkje til å verta opna i haust, som planlagt. - Opninga vil neppe skje før i januar 2011, seier prosjektleiar Olav Bjørke. Les meir i Hordaland her. |
Utdeling av Kulturmidlane til song og musikk - 2010MKU viser til mottekne søknader og til fordelingstilrådinga frå Voss Musikkråd og finn å løyva i alt kr 150.ooo til Song-og Musikklag. Stønadsmidlane vert å fordela på dei 17 søkjarane i samsvar med tilrådinga frå Voss Musikkråd. Sjå vedtak i MKU her. |
![]() |
Badnajazz på plateBadnajazzen skal no gjevast ut på CD. Innspelinga skal gjerast i samband med at Badnajazz er ti år. Les meir i Hordaland her... |
![]() |
Konsert med Orkesteret FossegrimenOrkesteret Fossegrimen med solist Andrew Litton har gjennomført ein flott konsert i fraktgodsen sundag 13. juni med fullt hus og ståande applaus Sjå Svein Ulvund sine bilete frå konserten på Voss Now her. |


MKU sak 12/12












