Nyheter  Torsdag 1. mars 2018

Eineståande arbeid

Akustikar Jens Holger Rindel meinar at Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund sitt arbeid med musikklokaler fortener meir internasjonal merksemd. I juni vert arbeidet presentert for verdenskongressen for akustikarar i Boston.

Malersamling 2017

Fagakustiker Jens Holger Rindel og leder for musikklivets utvalg for musikklokaler Jon G. Olsen.


Skrevet av Olav Ø. Opsvik, informasjonskonsulent i Ung i Kor

I midten av februar heldt Rom for spilleglede si årlege samling for akustikkmålarar. Frå heile landet kom engasjerte og ivrige målarar tilknyta regionale musikkråd. Det er desse som står bak arbeidet som i fjor resulterte i at Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund passerte over 500 målte lokaler over heile Noreg.

På slike samlingar får dei høve til å diskutere viktige og komplekse tema, både på eit overordna nivå og tilknyta konkrete døme ein har vore ute for det siste året. Denne gangen blei det til dømes diskutert kor høg bakgrunnsstøy ein kan akseptere. Det er ikkje alltid så enkelt som eit målt desibelnivå, blei det mellom anna sagt. Av og til kan ein lyd med lågt volum, men kanskje svært høgfrekvent karakakter, vere svært forstyrrande.

Innspel frå ekspert

Mellom alle slike tema er det godt at ein i arbeidet med musikklokaler har ein lang tradisjon for nært samarbeid med fagakustikarmiljøet. Denne gangen var den erfarne og internasjonalt anerkjende Jens Holger Rindel som var invitert. Rindel har bakgrunn som både forskar og rådgjevar i Danmark, og er i dag seniorrådgjevar i Multiconsult i Oslo. I Noreg har han mellom anna vore involvert i prestisjetunge prosjekt som nye Våler kirke.

Under samlinga gjekk han i djupna på eit sentralt tema for arbeidet med musikklokaler, nemleg at ulike musikkformer krevjer ulike tilhøve. - Akustikken er møtet mellom musikken og lokalet den vert framført i, forklarte Rindel. - Der kjem omgrep som romforsterking og etterklangstid inn. Gregoriansk sang krevjer eit meir klangrikt lokale, medan til dømes rockemusikk krevjer klårare og føreseielege akustiske rammer.

Rindel og alle dei involverte målarane drog slike tema ut i lange og spennande diskusjonar i løpet av målarsamlinga sin første dag.

Imponert over arbeidet

- Jens Holger har vore ein av dei mest sentrale fagpersonar bak utviklinga av NS8178 (Nasjonal standard for akustiske kriterier i rom og lokaler til musikkutøvelse journ.anm.), så derfor er det veldig spennande for oss å få også hans kunnskap inn i forsamlinga, fortalte Jon G. Olsen, som er primus motor for organisasjonane sitt arbeid med musikklokaler, etter at dagens diskusjonar var gjennomført.

Rindel er svært begeistra for arbeidet Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund legg ned for musikklokaler i Norge.

- Det er eit eineståande arbeid som gjerast her i Norge, og der eksisterer ikkje noko tilsvarande nokon stad i verda. Eg har fulgt med i fleire år no, og har vore imponert over kor ambisiøse ein har vore. - Rapportane som vert laga er svært godt dokumentert, slo han fast.

- Som amatørmusikar bankar hjartet mitt for musikken og eg ynskjer at flest mogleg born og unge skal få høve til å lære seg å spele musikk om dei ynskjer det. Dette krev ikkje berre gode instrument og lærarar, men også gode lokaler. Lokaler lyt ikkje gjere at ein mistar lysta, men heller at ein vert stimulert til å halde fram, sa Rindell.

Internasjonal merksemd

No meinar Rindel at arbeidet som vert lagt ned bør få internasjonal merksemd. Juni vert ynskjet oppfylt, når Olsen får høve til å delta på Acoustics ‘17 i Boston, årets store, internasjonale konferanse for fagakustikarar.

- Der kan Jon vise korleis ein har handtert arbeidet med musikklokaler i Noreg. Det kan heilt sikkert inspirere mange. Eg veit at NS8178 har vekka ganske stor interesse i andre land. Etter at eg trekte den fram under ein sesjon ved førre europeiske konferansen er det mange som har kome til meg og etterspurt den engelske omsettjinga av standarden, forklarte Rindel.

Rindel er oppteken av at modellen som har vorte utvikla i Noreg har stort potensiale til å spre seg i andre delar av verda.

- Andre stadar manglar til dømes klåre krav og retningslinjer med omsyn til faktorar som etterklangstid, romforsterkning, romstørrelse og meir. Noreg er allereie langt foran resten av verda med dette arbeidet.

Difor tenkjer eg at det er utruleg viktig å få formidla dette ut til andre, sa han.

Koplinga mellom brukarar og fagfolk

Ein av dei viktigaste faktorane som Olsen vil trekke fram i Boston er koplinga mellom musikarar og fagakustikarane.

- Det er tre partar her: Brukarane, akustikarane og eigarane av lokala. I Noreg har vi no eit system der brukarane og akustikarane har snakka godt saman i 25 år. I tillegg har vi no over 500 målingar å vise til, basert på eit og same system. Soleis har vi samanliknbare data frå mange lokaler, forklarte han.

- At vi går saman for å få dette til å fungere gjer at kan vi sjå begge sider av bordet samtidig, utnytte kvarandre sine erfaringar, lære og inspirere. Alt dette går til det beste for kommuner og andre som skal bygge desse lokala, slo Jon G. Olsen fast.