Nyheter  Torsdag 13. desember 2018

250 songglade barn på korweekend!

Det var tendensar til Beatlemania når foreldre, onklar og tanter, søsken og besteforeldre til 250 songglade barn skulle holde årets "Hentekonsert". I år holdt haustkorweekenden til Ung i Kor Oslo hus på Berg Skule og temaet var Disney!

Køa strakte seg langt nedover gata og dei frivillige gjorde ein imponerande innsats for å presse inn folk i krikar og krokar på gymsalen. Gjennom helga hadde barna øvd inn musikk frå gamle klassikarar som Dumbo, Jungelboken, Løvenes Konge, og nyare klassikarar som Vaiana og Frost – framført med full konsentrasjon om song og koreografi. Smila strålte frå scena! Rørande frå første tone!

Dei som har vore innom barneskulen veit at konsentrasjon ikkje kjem av seg sjølv! Kvalitet er viktig når Ung i Kor Oslo skal arrangere korweekend, blant anna ved å leige inn profesjonelle og erfarne instruktørar. Ingebjørg Loe Bjørnstad, Therese Lech, Beate Børli Løkken, Marthe Susann Åndahl, Jon Olav Sandal, Auver Gaaren, Wenche Losnegård og Silje Kleiven – artistar, pedagogar og høgt utdanna musikarar som veit å vekke musikkgleda i barna.

Om det var det siste som skjedde, var ikkje konserten nødvendigvis hovudmålet for helga. Det kicket det er å synge for fullsett sal er berre eitt av mange minner barna tok med seg heim etter helga. Frå laurdag til søndag har borna hatt workshop, sett film på storskjerm og fått nye vener frå andre skular (...og så ete litt snop, sjølvsagt)

Arrangørane Julie Kleive og Veronica Stokkmo frå Ung i Kor Oslo var tydeleg rørte og stolte når dei etter konserten takka alle deltakarar, frivillige og instruktørar! Og så minte dei på "Sommersanguka" 25.-30 Juni neste år – meld dykk på!

Kvifor slike arrangement er viktig, spør du? Sjå på bileta - dei intenst engasjerte augene på barna som syng med tidenes helg i ryggen svarar for seg sjølv!

Bla i biletgalleriet med piltastane.

Ung i Kor Oslo Korweekend høst 2018 1
Ung i Kor Oslo Korweekend høst 2018 2
Ung i Kor Oslo Korweekend høst 2018 3
Ung i Kor Oslo Korweekend høst 2018 4
Ung i Kor Oslo Korweekend høst 2018 5
Ung i Kor Oslo Korweekend høst 2018 6
Ung i Kor Oslo Korweekend høst 2018 6
Ung i Kor Oslo Korweekend høst 2018 7
Ung i Kor Oslo Korweekend høst 2018
Ung i Kor Oslo Korweekend høst 2018 9