Nyheter  Tirsdag 11. juni 2019

Intervjuserien "Den store dugnaden":
Kaja Vardøen og Sara Lydiksen i KIGO

"Den store dugnaden" er Oslo musikkråds intervjuserie om folk og musikk i byen vår.
No har vi tatt ein prat med eldsjelene bak KIGO – Kultur i Gamle Oslo.

Sara Lydiksen i KIGO i aksjon med Crescendo

Sara Lydiksen i KIGO i aksjon med Crescendo

Ein må bli invitert inn.

Kaja Vardøen og Sara Lydiksen synst det var litt for lite musikk då dei byrja på Gamlebyen Skole i 2012. No driv dei musikk og kulturskulen KIGO, Kultur i Gamle Oslo – på heiltid.

Kaja Vardøen og Sara Lydiksen møtte kvarandre på lærarutdanninga og fann fort tonen i band. Då dei to byrja å jobbe på Gamlebyen skole i 2012, vart dei rørt av samhaldet mellom borna. Med alle slags bakgrunnar.
– Men vi såg også store forskjellar med tanke på kven som deltok på ulike fritidsaktivitetar.
Dette ville dei gjere noko med. Kaja og Sara tenkte først det måtte handle om økonomi. Gamle Oslo er eit av dei områda i landet med størst tettleik av lavinntektsfamilier.
– Vi tenkte at vi har jo eit kjempeutgangspunkt! Vi kjenner borna, vi kan låne lokale – vi startar eit kor på vår fritid. Og det skal vere gratis for alle som deltek!
Til saman syng nesten 100 i KIGO sine kor i dag. Det største koret, Crescendo er stadig ute på oppdrag som for eksempel inkluderingskonferanser, statsborgerskapssermonien, og så vidare.

Men å nå dit kom ikkje gratis. Det ligg ein iherdig dugnadsinnsats bak.

– Det kom nesten ingen på den første øvinga. Og det var så mange vi ikkje såg der, som vi tenkte dette opplegget var perfekt for.
Det viste seg at det er ein heil del andre ting enn økonomi som kan vere til hindring for at born kan delta i fritidsaktivitetar.
– Det kan vere mange forskjellige forhold heime som gjer det vanskeleg. Difor skjønte vi at det ikkje kan vere opp til foreldra kor vidt dei borna får vere med på aktiviteten.

Kva er det som skil dykk frå ein kommunal kulturskole som Oslo Kulturskole?
– Dei har mellom anna litt andre krav til lærarane. I det du jobbar aktivt med å få med alle, treng du kanskje ei anna, breiare pedagogisk kompetanse enn du får som instrumentallærarutdanning for eksempel. Vi har nok også eit litt anna fokus kanskje, meir på musikkglede enn nødvendigvis prestasjon. Men dei er ikkje konkurrentar til Oslo kulturskole.
– Kulturskolen er jo også interessert i å nå desse borna. Dei har jo også støtta oss både økonomisk og andre ressursar.

Kigo julekonsert 50

Frå julekonserten til KIGO

"Hallo, jeg ringer for å fortelle om KIGO..."
Kaja og Sara formulerer målet for KIGO slik: Å gjere kultur tilgjengelig for alle, gratis – og at medlemmane skal spegle befolkninga.
Kaja og Sara syner meg korleis dei har fått folk til å komme gjennom eit lite rollespel. Det er ganske enkelt. Ingen magi.
– Det handlar om at folk må bli invitert inn. Og då må du kanskje bli oppringt.
Det har blitt nokre timar i telefonen. Munnlege invitasjonar til ungane og foreldra direkte. Det er nitidig arbeid. – Men det er ikkje ein evig ein evig kamp. Når dei først har kome ein gong så er det lettare å bli med neste gong.

Slik har tilbodet og talet på brukarar etterkvart vakse. Koret Tutti på Vahl Skole, ungdomskoret Vokigo, Karaoke på Deichmanske på Tøyen. I tillegg tilbyr KIGO instrumentalundervisning.
– Vi har gitarundervisning, trommeundervisning og pianoundervisning der dei får låne instrument med heim. Gratis er gratis. Vi går for eksempel ikkje ut i frå at alle har ei kvit t-skjorte.
I tillegg er dei opptatt av at alle borna skal ha minst ein i publikum som er der for dei.
– Det treng ikkje å vere ein forelder, det kan vere ein slektning, ein ven - eller ein miljøarbeidar. Det er viktig at barnet føler seg trygg, også for at musikken skal bli bra.

Dei synest nemleg ikkje at dei set den kunstnariske kvaliteten til side ved å fokusere på musikkgleda.
– Noko av det som er mest moro er å fange opp talenta blant dei som kanskje ikkje ellers hadde deltatt på ein vanleg kulturskule. Om kulturlivet skal ha mangfald i vaksenlivet også må ein kanskje starte der. Det blir jo ei skattejakt!
Talent finnast overalt.
– Vi vil fokusere på kva som er felles, meir enn kva som er ulikt. Vi vil anerkjenne ulikskapen utan å nødvendigvis forsterke den.

Kaja Vardøen

Kaja Vardøen

På nåde
– Vi er jo ikkje sikra. Det er jo frå halvår til halvår.
Dei to har jobba mykje gratis med KIGO før dei kom til dagens situasjon.
– I 2017 bestemte vi oss for at vi måtte legge ned. Det kosta rett og slett for mykje.

Men det var ikkje snakk om – tilbodet hadde blitt for viktig for lokalsamfunnet.
– Då vokste det altså fram eit sånt dyr her. Det var dugnadar, lesarinnlegg, heile pakka. "Dette skal vi fikse"-haldning. .
Det er til og med blitt starta ei støttegruppe; Venner av KIGO som arrangerer loppemarknad. Eller "Loppival", med konsertar og loppemarknad i eitt.
– Det er ikkje berre vårt lenger. Folk er redd for å miste KIGO.
Ungdomskoret selde vafler på eige initiativ til inntekt for KIGO.

Den store dugnaden.
Politikarane og områdeløftene klarte å finne nokre midlar sånn på tampen av året i 2017 slik at Kaja og Sara kunne kome litt på forskot med søkinga. KIGO var redda – for no. Men dei er prisgitt dei sponsorane dei klarer å skaffe frå år til år.
– Vi er støtta av Kavlifondet , Sparebankstiftelsen, Oslo kommune driftstilskot for kunst og kultur, osv.

Betre, meir føreseieleg økonomi og fleire tilsette er draumen.
– Frivilligheit er jo på ein måte gratis, men det er ikkje gratis å organisere det.

Å spreie ideen
Kaja og Sara er opptekne av å dele erfaringane sine, og held mellom anna kurs og foredrag.
– KIGO-metoden er ein modell som kan brukast fleire plassar. ROS – Rekruttering, Oppfølging og Samling. Med underpunkt som går på rutiner som er til for å rive ned dei murane som kan stå mellom barnet og tilbodet.

De måtte kanskje oppdage ein del av desse tinga nettopp gjennom den litt kronglete vegen fram mot dagens situasjon?
Ja, eg trur mange kan hoppe over nokre år med erfaringar om dei snakkar med oss.
Om ein berre puttar pengar inn i prosjekt som skal vere gratis, vil ikkje det seie at ein klarer å nå alle.
– Det finnast mange fallgruver. Informasjonskanalane kan stå i vegen for å nå dei som kanskje treng det mest, og ein kan ende opp med å auke forskjellane.

01 Faria Maroua

– Men du, nå kommer Maj-Britt asså.
Maj-Britt Andersen var klar for øving med Crescendo – då er det klart ein må rykke ut!

Tilbodet til KIGO er gratis for alle deltakarar og kan kontaktast på post@kigo.no
KIGO sine nettsider: http://www.kigo.no
KIGO på Facebook: https://www.facebook.com/kultu...

Tekst: Torkjell Hovland