Nyheter  Torsdag 16. mai 2019

Eirik Kristensen ny anleggsrådgjevar i Oslo musikkråd

– Eg gler meg til å vere det frivillige musikklivets stemme når Oslo kommune og andre aktørar skal planlegge nye bygg.

Eirikkristenseniparken

Erik Kristensen, f. 1989 i Mandal er utdanna akustikar frå NTNU. Sidan 2014 har han jobba som rådgjevar i Rambøll. Kristensen er også festivalsjef i Mandaljazz, spelar trombone, har bakgrunn i fleire storband. Og så syng han i kor. Her har vi altså ein som både kan snakke byggfagleg og musikkfagleg språk. Akkurat det som trengst, skal ein vere musikklivets talerør mot byggherren.

– Musikken heng etter idretten når det gjeld å ha ei tydeleg stemme som seier at ein treng gode forhold for å utøve sin hobby og lidenskap. Å ha eit godt øvingsrom kan samanliknast med å å ha eit dansegolv når du skal danse, å trene fotball på gras i staden for grus, eller ha eit symjebasseng som ikkje er iskaldt.

Som kulturminister Trine Skei Grande sa på Musikktinget i fjor:
– Det er ingen som legg fotballbane i ei skråning.

Konsekvensane av dårleg øvingsrom kan vere alt frå at ein mistar motivasjonen til at det rett og slett kan vere helseskadeleg, fortel Kristensen.
– Er det for mykje klang i rommet kan lyden bli for høg og føre til hørselskader over tid. Er det for tørr akustikk, kan ein blåsar for eksempel overanstrenge leppene å få belastningsskader over tid.

Kristensen understrekar kor viktig det er å kome tidleg nok inn i byggjeprosessen med krava frå dei som faktisk skal bruke bygga.
– Det viktigaste er å få rett volum på rommet, og det må skje på eit tidleg tidspunkt. Det er det einaste ein ikkje kan gjere noko med i ettertid. Ein må gå i dialog med utbyggjar.

Ei av utfordringane Kristensen trekk fram er dei mange ulike behova. Kor, korps, orkester, band, kulturskulen – alt i eitt rom?
– Ein må snakke med dei som skal bruke det, og kartlegge kva som finst i området frå før. Det er ikkje alltid alle kan få alt. Av og til kan ein argumentere med at det ligg andre lokale rett ved som dekkjer eit behov. Då er det kanskje betre å prioritere nokre andre i det nye bygget.

– Det gjeld å balansere brukarane sine ulike behov, og klare å formidle til dei som skal bygge på ein riktig måte. Musikkmiljøet sjølv kan ikkje forventast å snakke eit byggfagleg språk.

Oslo Kommune har sagt at skulen skal vere lokale kulturhus. For at det skal oppfyllast, må ein setje konkrete krav. Det forpliktar.
– Arbeidet som vart gjort for den nasjonale standarden for akustikk i øvingsrom som kom i 2014, var internasjonalt pionerarbeid og legg i desse dagar grunnlaget for ein internasjonal standard. Mitt arbeid blir å sørge for at denne standarden blir fulgt opp på best mogleg måte.

Vi gler oss – velkommen, Eirik!

tekst og foto: Torkjell Hovland

Informasjon om Oslo musikkråds akustikktiltak