Nyheter  Fredag 13. desember 2019

Vilja song på Redd Barna sin fredsprisfest!

...og med Kronprins Håkon i publikum

Vilja på Redd Barnas fredsprisfest

Vilja på Redd Barnas fredsprisfest

Vilja Stensrud var deltakar på UKM i Oslo og Landsfestivalen tidlegare i år, og då Nobels Fredspris vart delt ut til Abiy Ahmed i førre veke, framførte Vilja "Make You Feel My Love" av Bob Dylan og "Fight Song" av Rachel Platten på Redd Barna sin fredsprisfest.

Oskar Fjørtoft Sandanger frå UKM Oslo var tilstades og fekk eit par ord med Vilja etter konserten.

Vilja på Redd Barnas Fredsprisfest

Vilja på Redd Barnas Fredsprisfest

Korleis var det å være med på dette?

Det var veldig flott å synge for folk som har gjort noko viktig for verda. Eg var veldig nervøs, men tenkte at dei er jo menneske dei også, og gjer eg feil er det ikkje sikkert dei legg merke til det. Det var også veldig fint å synge ein song om å vere sterk, ikkje gi opp og kunne gjere ein forskjell.

Du fekk jo helse på Kronprins Håkon. Korleis var det? Hadde han eit godt handtrykk?
Eg blei litt "starstruck", sjølvsagt, og eg begynte å skjelve på hendene, noko som er litt uheldig når du skal spele piano. Eg var dessverre for nervøs til å merke korleis handtrykket var.

Her kan du sjå NRK sitt innslag i frå Barnas Fredsprisfest (og eit lite glimt av Vilja rundt 05:00): https://tv.nrk.no/serie/nyhete...

Vilja UKM på NRK Fredspriskonsert