Nyheter  Fredag 13. november 2020

Voksenopplæringstilskudd for våren er betalt ut - og ikkje alle hadde redusert aktivitet i vår!

Voksenopplæringstilskudd for våren er no betalt ut, og samanliknar vi tal på innrapporterte timar i vår med i fjor, ser vi at ikkje alle delar av det frivillige musikklivet var like nedstengt.

DSC02805

I Oslo såg vi som ellers i landet ein ganske dramatisk nedgang i innrapporterte timar frå kor og orkester, Rundt 40-60% færre timar jamnt over.

Men det mest interessante er banda frå Bandorg og AKKS som har gjennomført henholdsvis 100% og 102%(økning!) av timar samanlikna i fjor.

Det seier seg jo sjølv at dette i stor grad handlar om kor mange ein samlar i desse aktivitetane. Det er lettare å øve med bandet som normalt, enn å samle eit orkester - som også i mange tilfeller mista tilgang til sine øvingslokale.

Men Ung i kor skilte seg ut frå voksenkor-organisasjonane og gjennomførte 78% av timar samanlikna med i fjor. Grunnar til dette kan sjølvsagt vere at voksenkor har fleire medlemmar i risikogruppa, men kanskje også at dei var tidleg ute med digitale løysingar og alternative måtar å samlast på.