Nyheter  Søndag 17. februar 2019

Konsertserie i Langgata sommaren 2019

Musikkrådet, i samarbeid Foreningen Sandnes sentrum og Sandnes kommune, har tatt initiativ til å arrangere ein konsertserie i Lanternen, Langgata med konsertar kvar laurdag kl 12.00 i heile sommar­halvåret. Vi tar sikte på ca. ein times konsertar, og konsertane bør ha eit lett, publikumsvennleg og sommarleg preg. Planen er å starte første laurdagen etter påske (28. april) og holde det gåande til ut september. Vi håper å få lagt programmet med kven som skal spele på dei ulike laurdagane så snart som muleg slik at vi kan presentere eit komplett program i god tid før sesongstart.

Sandnes sentrum held stolar, og der er tale/solistmikrofon, men PA-anlegg utover dette, eventuelle kortrapper eller anna utstyr må utøvarane sjølve syte for.

Konsertane blir honorerte, i utgangspunktet med kr. 10.000,- pr konsert, men denne summen er ennå ikkje spikra. Vi har søkt Sandnes kommune om støtte, og fått positive signal derifrå. Endeleg svar får vi 4. mars. Vi har og søkt lokale bankar om støtte.

Ein representant for Sandnes sentrum eller Musikkrådet vil vere til stades på konsertane og syte for stolar, mikrofon o.l., men den som opptrer er sjølv arrangør og er ansvarleg for program og annonsering ut over fellesannonseringa.

Musikkrådet går med dette ut til sine medlemmer og ber om at dei som er interesserte melder seg, og også antyde når de helst vil opptre (aktuelle datoar under). Vi kan naturleg nok ikkje love at alle får opptre akkurat dei datoane dei ynskjer, og heller ikkje at alle som vil vere med får plass, men set også opp datoar som er heilt uaktuelle.

I sommarferien og på andre datoar der det er vanskeleg å samle kor, korps og større ensembler til konsert, vil vi gje rom for andre og mindre grupper, for eksempel blues, rock og liknande. Men medlemmer av musikkrådet som fyller kravet om programtype/kvalitet, vil ha første prioritet.

Vi satsar på å ha konsertar kvar laurdag kl. 12. Dette bør vere ei fin anledning til å få vist seg fram, og samtidig få litt pengar i kassa. Men det gjeld å møte opp også som publikum! Blir dette ein suksess kan det bli gjentatt også neste år.

Aktuelle datoar: 27. april, 4., 11., 18., og 25. mai, 8., 15. 22. og 29.juni, 6., 13., 20., 27. juli, 3., 10., 17., 24., 31. august, og 7., 14. og 21. september

Ta kontakt med meg så snart som muleg: rasmus.reed@lyse.net eller 93046788. Svar på spørsmåla under, og returner brevet til meg så snart du kan. Først til mølla…

Namn på korps/kor/gruppe_________________________

Ca. antall deltakarar ____________

Dirigent/leder___________________

Kontaktperson______________________

Tel.:_______________

Ja vi vil gjerne vere med! _________

Nei, dette er uaktuelt for oss ___________

Datoar de vi helst vil spele _________________

Andre mulege datoar_____________

Umulege datoar __________________

Beste helsingRasmus Reed

Sandnes musikkråd

Foto: Aslak Ravndal

26764