Nyheter  Tirsdag 23. august 2022

Ingebjørg Lognvik Reinholdt

Skal jobbe med medlemsoppfølging med meir

Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ny rådgjevar i Telemark og Vestfold Kulturnettverk, med ansvar for medlemsinfo og hjelp til å søke støtte.

Ingebjørg har vokst opp i musikkmiljøet i Seljord, og studert ved USN og NMH. Ho jobbar også som frilans folkemusiker, kurshaldar og kulturpotet.

Erfaringa hennar er basert på det profesjonelle feltet, men ofte i samarbeid med lokale arrangørar, utøvarar og andre eldsjeler. Ho har også vore leiar for folkemusikkurset UngFolk, og jobba mykje med barn og unge.

"Å vere frilans songar er like mykje prosjektstyring som det er utøving, og ein lærer mykje om kulturfeltet i prosessen. Det blir fort tydeleg kor viktig til det frivillige feltet er for alt kulturliv. Eg gledar meg til å vere ein del av støtteapparatet som hjelper våre mange flotte medlem å få til masse flotte arrangement og aktivitetar rundt om i regionen. Min jobb er å gjere det lettare for dykk å drive med det de likar best!"

Dersom de treng hjelp til søknadsprosessen, ta berre kontakt på: ingebjorg.reinholdt@musikk.no eller på tlf: 95 80 33 30 på tysdag eller onsdag/torsdag på dagtid.