Nyheter  Mandag 12. desember 2022

KIRKUS nytt medlem i VTKN

KIRKUS – Norsk Kirkelig Kultursenter Sør

Et nytt kirkelig senter for musikkpedagogikk og metodikk

Kulturarv, kyrkjesong og redde orgelspelet i Noreg!

KIRKUS starta opp i haust og meldte seg sporenstreks inn i Vestfold og Telemark Kulturnettverk. Vi er veldig glade for å få eit nytt medlem som styrkar breidda i vår organisasjon, og ikkje minst i kulturfeltet i regionen vår!

KIRKUS jobbar med korsong i alle aldre, og fokuserar særleg på orgelopplæring for unge. Det gjer dei så godt at dei har venteliste på orgelopplæring. Dei vil fokusere på det musikkpedagogiske gjennom kompetanseheving.

KIRKUS vil tilby kurs og seminar til lokale kyrkjer i bispedømmet Agder og Telemark, og hjelpe til med å gjennomføre større prosjekt på tvers av kommune og fylkesgrenser.

Våren 2023 skal Kirkus blant anna vere arrangør for to konsertar i Telemark. Konsertane er eit resultat av talentutvikling gjennom Telemark symfoniorkester og Ung Kirkesang. Ung Kirkesang sitt kor «SØK» består av 18-20 jenter i alder 13-22 år. Strykarane som skal vere med er i same aldersgruppe. Verket som skal framføras i Bø og Østre Porsgrunn kirke, er Stabat Mater av Pergolesi. Et morosomt, og ganske imponerande poeng, er at Pergolesi sjølv var i denne aldersgruppen da verket blei skrive i 1736.

LES MEIR HER: www.kirkus.no

Besok KIRKUS VTKN

Vi var på besøk til KIRKUS 16. November, dei fekk eit gåvekort på noter og vi fekk kringle og nett. Vi blei betre kjend med deira organisasjon, sjølv om vi kjenner dei to fagtilsette gjennom deira mangeårige arbeid for korsong og orgelmusikk i Midt-Telemark. Vi gledar oss til å følge med på kva Grete og Rolf i KIRKUS får til vidare!

Spill av video

Ivar Tellnes (11) spelar eit utdrag frå Jurassic Park sin temasong på orgel i Bø kyrkje.