Nyheter  Onsdag 25. januar 2023

Ny regional folkemusikkscene til Midt Telemark

Med dansegolv og akustikk i høgsete!

Sjodar forsamlingshus har blitt flytta til Evju Bygdetun og restaurert etter alle kunstens (og kulturens) reglar. No har Midt Telemark fått ny regional scene for folkemusikk og folkedans med dansegolv som berre to andre scener i landet kan skilte med!

Kjell Stundal, Jorid Vale og Harald Omnes

20230122 165727

Sjodar skal vere ein regional folkemusikkscene med ein fast konsertserie, og eit lokale for danseøvingar og -arrangement for Nes Nasjonale Dansarring og andre danseglade telemarkingar.

Opninga skjedde søndag 22. januar med kunstariske bidrag sponsa av Telemarkfestivalen og VTKN, og med innslag frå UngFolk, fordjupingsprogrammet i folkemusikk (Midt-Telemark Kulturskule og Sør-Norsk Folkemusikksenter) Bø juniorspelemannslag, Bø dansarring, Bøheringen spelemannslag, spelemennene Alf Tveit og Johannes Sundsvalen. Opningstala kom frå Kristian Ihle Hanto frå styret i FolkOrg.

Bidraget frå VTKN var kveding frå Ingebjørg Lognvik Reinholdt, som i tillegg til å vere folkemusikar også jobbar som rådgjevar i VTKN. Ho kan skrive under på at akustikken i rommet er flott å synge i.

Nokre dugnadshelter har ekstra ansvar for at nye Sjodar er blitt til. Harald Omnes hadde idéen om å flytte heile Sjodar til Evju, som er nærmare dansemiljøa og lettare å kome til for publikum.

Kjell Stundal har brukt nesten eit årsverk i dugnadsarbeid, med forprosjekt på akustikk og undersøkingar om dansegolv, søknadar for å støtte ei fullstendig renovering og ikkje minst snekring til den store gullmedalje.

Dansegolvet har den rette svikten for tradisjonsdans, på modell frå Riksscenen for folkemusikk og folkedans. Akustikken er tilpassa lydsvak akustisk musikk. For at rommet også skal kunne brukast til andre formål er det planlagt akustiske tepper (gardiner) på langveggane for nettopp å kunne justere akustikken til ulike behov, m.a. til møte, konferansar og konsertar med meir lydsterk musikk.

Dansarringen har gitt bort huset til bygdetunet, og levert meir enn 2500 dugnadstimer på flytting, restaurering og å få huset opp til moderne kulturrom-standard. Dei har fått ei velfortent avtale med Evju om fast bruk av huset.

Museumstyrar Jorid Vale i Evju Bygdetun gledar seg stort over dette tilskotet til eit allereie aktivt og viktig bygdetun, og seier at dette også vil utvide aktiviteten og moglegheitane for bygdetunet som arrangør og kulturformidlar.

Prosjektet er støtta av Kulturrom, både forprosjekt og materialar til bygging.

_____________________________________________________

Litt historie frå Jorid Vale:

“Eg ønskjer Sjodar velkommen “heim”: Lærar Jon Evju som testamenterte garden sin i 1975 til eit levande Bygdetun og Kultursenter: Evju Bygdetun, starta Sauherad Mållag som bygde Sjodar i 1922, var leiar av byggekomiteen og seinare aktiv leiar og danseinstruktør i Nes nasjonale Dansarring saman med felespelar Kristiane Lund. Eg trur han hadde vore veldig fornøgd med Nye Sjodar - Evju Bygdetun som nå kan gje nye muligheter med aktiv bruk for barn, unge og eldre midt i Midt-Telemark"

Foto frå opninga av: Bø juniorspelemannslag, Jon Inge Særsland frå folkemusikk fordjuping, Mattis Kleppen og Ottar Kaasa (bidrag frå Telemarkfestivalen) Nes Nasjonale Dansarring, Bø Dansarring, Johanne Flottorp og Sunniva Langås-Røiland (fordjuping), Alf Tveit, Kristian Ihle Hanto og Sverre Jakobsen (Bø Kulturnettverk og Midt telemark Kulturskule). Siste er Harald Omnes som overleverer nøkkelen til Jorid Vale.

Fotograf: Camilla Berg Rindahl (dagleg leiar i VTKN)

Bo juniorspelemannslag
Munnharpist Jon Inge Saersland opning av Sjodar
M Attis Kleppen og Ottar Kasa opninga av Sjodar
Unge dansarar pa opning av Sjodar
Ingebjorg Lognvik Reinholdt opning av Sjodar
Dansarring pa opninga av Sjodar
Johanne F Lottorp og Sunniva Roisland Langkas opning av Sjodar
Alf Tveit opning av Sjodar
Kristian Ihle Hanto fra Folk Org pa opninga av Sjodar
Sverre Jakobsen Bo Kulturnettverk opninga av Sjodar
Dans pa opninga av Sjodar
Harad Omnes overleverar nokkelen til huset til museumstyrar Jorid