Vedtekter

Vedtekter for Ål Musikkråd Vedtekne på årsmøtet 26.11.1987
Inneheld endringar vedtekne på årsmøta 11.11.1992, 19.01.1994,18.02.1998, 03.03.2000, 21.02.2001, 13.02.2002 og 24.02.2016

§1 FØREMÅL
Ål Musikkråd har til føremål å fremje interessene til musikklivet generelt og særleg i Ål Kommune ved å:

  • Vere eit kontakt- og samarbeidsorgan for likeverdige og sjølvstendige organisasjonar og lag som driv musikkaktivitetar.
  • Arbeide for best mogeleg musikkopplæring.
  • Styrke musikklivet organisatorisk, drive informasjonsverksemd for å gjere det positive miljøbyggande arbeidet betre kjend og verdsett utad.
  • Gje råd som gjeld miljø- og kulturplanlegging.
  • Gje råd om bruk av kommunale kultur- og vaksenopplæringstilskot.
  • Vere kurs- og studieutval for musikklivet i kommunen, med informasjon, koordinering og arrangering av felleskurs og fellesseminar som aktuelle arbeidsoppgåver
  • Koordinere og arrangere konserter, stemne og andre kultur- og miljøtiltak.
  • Vere Norsk Musikkråd og Norsk Musikkråd Buskerud sitt lokale organisasjons- og kontaktledd i kultur- og musikkpolitiske spørsmål, og når det gjeld vaksenopplæring. Vidare skal rådet arbeide etter dei retningslinjer organisasjonane trekkjer opp på Nors Musikkråd sitt årsmøte.

§2 MEDLEMSKAP
Medlemskap i Ål Musikkråd er ope for alle lag, grupper, institusjonar og einskildsmedlemmer som arbeider med eller for song og musikk.

§3 ÅRSMØTET
Årsmøtet er høgste organet for rådet og skal haldast ein gong i året, innan utgangen av februar månad. Årsmøtet er vedtaksført når det er lovleg innkalla (jf. §3, pkt. 3), og minst halvdelen av medlemmene med stemmerett er tilstades.Vedtak blir gjort med vanleg fleirtal dersom ikkje anna er bestemt.

1. På årsmøtet har fylgjande stemmerett
To representantar frå kvart medlemslag.
Fylgjande tek del utan stemmerett, men med møte- , tale- og framleggsrett:
a) Styret med vararepresentantar
b) Einskildmedlemmer som er tilslutta rådet (t.d. organistar, musikkskuleleiarar, musikklærarar, dirigentar og musikarar)

2. Dagsorden for årsmøtet:
a) Godkjenne innkallinga.
b) Godkjenne fullmaktene til utsendingane
c) Godkjenne dagsorden
d) Val av møteleiar og referent
e) Handsame årsmelding frå styret
f) Handsame revidert rekneskap
g) Handsame plan for drifta neste år, budsjett og kontingent
h) Handsame innkomne framlegg
i) Val:

- Leiar for 1 år
- Ein eller to styremedlemmer for 2 år
- To varamedlemmer for eit år i prioritert rekkefølge
- Ein revisor for eit år, med ein vararepresentant
- Valkomite på 3 personar for eit år
- Ein representant til representantskapsmøtet for Norsk Musikkråd Buskerud.

Styret konstituerer seg sjølv med nestleiar og kasserar.

3. Innkalling til ordinært årsmøte skal sendast ut i god tid, minst fire veker før møtet.
Saker som medlemmene ynskjer å ta opp på årsmøtet må vere hjå styret seinast to veker før årsmøtet.

4. Ekstraordinært årsmøte kan haldast når styret finn det naudsynt, eller når minst 1/3 av medlemslaga krev det.

§4 STYRET

  1. Styret er samansett av leiar, nest leiar, kasserar og 2 styremedlemmer. Rektor, eller ein annan representant frå musikkskulen er fast medlem av styret og er å sjå på som ein av dei fire styremedlemmene. Ål Kommune er ansvarlig for sekretær til Musikkrådet
  2. Styret skal arbeide i samsvar med dei vedtaka og retningsliner årsmøtet bestemmer.
  3. Leiaren kalla inn til styremøta, minst fire gonger i året.
  4. Styret er vedtaksført når minst 3 styremedlemmer er tilstades. Ved likt stemmetal har leiaren dobbeltstemme. 1. vararepresentant kallast inn til alle styremøta.
  5. Kommunale kontaktpersonar og andre sentrale musikkpersonar kan møte i styremøta med tale- og framleggsrett, etter ynskje og avtale med styret
  6. Styret skal:
    a) Setje i verk årsmøtevedtak
    b) Handsame saker som fell inn under føremålsparagrafen
    c) Tilrå fordeling av midlar avsett til musikk frå Hovedutvalet for Kultur
    d) Førebu saker til årsmøtet
    e) Fungere som Norsk Musikkråd og Norsk Musikkråd Buskerud sine lokale utøvande organisasjons- og kontaktledd
    f) Kome med tilråding til Hovedutvalet for Kultur i saker der Hovedutvalet ber om det
    g) Godkjenne nye medlemmer og oppheve medlemskap

§5 UTMELDING.Eventuelle utmeldingar skal skje skriftleg. Årsmøtet kan stryke medlemmer i musikkrådet dersom det ikkje kan påvisast aktivitet i ein periode på to år.

§6 ENDRINGAR AV VEDTEKTENE.Endringar av vedtektene kan berre gjerast av eit lovleg innkalla årsmøte (jf. §3, pkt. 3) med minst halvparten av medlemmene tilstades. Gyldig vedtak krev 2/3 fleirtal.

§7 OPPLØYSING AV ÅL MUSIKKRÅD. Oppløysing må det gjerast vedtak om på eit ordinært årsmøte, med minst 2/3 fleirtal. Disponering av midlane rådet rår over må det og gjerast vedtak om med 2/3 fleirtal. Eigedeler og materiell som rådet eig skal overførast lag og organisasjoner som er medlem av Ål Musikkråd på dette oppløysingstidspunktet.