Nyheter  Tirsdag 2. april 2013

Sterkt uroa over kutt i tilskot til kor og orkester

Voss musikkråd heldt medlemsmøte torsdag 18.04.2013. Tema: Styrking av råmevilkåra for kommunalt tilskot til song og musikk.Utgangspunktet var MKU sak 12/13, Fordeling av kulturmidlar 2013. Møtet resulterte i at musikkrådet sendte eit brev til Utval for miljø og kultur (MKU) i Voss kommune.

Brevet fekk meget god eksponering i Hordaland sist laurdag etter at brevet vårt vart sendt til MKU i Voss kommune (sjå vedlegg).

Det er viktig at medlemmane følgjer opp med så mange som mogleg av våre medlemmar søkjer om tilskotsmidlar frå kommunen. Då gjev me klåre signal om at tilskotsråmene til lokalt kulturarbeid må aukast.

Musikkrådet oppmodar vidare våre medlemmar om å melda seg inn i Voss Kulturråd slik at me får ein sterkare stemme inn mot kommunen. Dette gjer ein enklast ved å velge knappen VOSS KULTURRÅD i høgre meny eller ved å sende ein e-post til post@vosskulturrad.net med kontaktopplysningar om laget evt. gå til nettsida www.vosskulturrad.net