Nyheter  Mandag 29. juni 2020

Suksess med Sommersangdag: – Det viktigaste for oss var at barn kunne treffast fysisk igjen

Sjølv om smittevernsrestriksjonane gjorde det umogleg å gjennomføre Sommersanguka som normalt, var det uaktuelt for Ung i kor Oslo og Ung i kor Sør-Øst avlyse. Dei kasta seg rundt og la om planane til ein Sommarsangdag!

Sommersangdag2020 15

Sommersangdag i bakgården på Sofienberg ungdomsskole!

Sommersangdag2020 01

Vi prøvde i det lengste å få til Sommersanguka på Toneheim folkehøgskole som vi har hatt første veka i skuleferien i fleire år no. Men då vi såg at restriksjonane vart såpass strenge, ville vi heller finne eit alternativ, fortel dagleg leiar i Ung i kor Oslo, Julie Kleive. – Det hadde liksom ikkje blitt det same uansett.

– Vi kunne gjort noko digitalt, men det viktigaste for oss var at barn kunne møtast fysisk igjen – på ein eller annan måte, legg Carl-Christian Kure, dagleg leiar i Ung i kor Sør-øst til.

Sommersangdag 2020 30

Dei stornøgde arrangørane Julie Kleive og Carl-Christian Kure i Ung i kor Oslo/Sør-øst

På vei!

Slagordet for sommarsangdagen vart Sommersang dag - på vei. Vi syntest det var så fint – ting er litt rart akkurat no, men vi er på vei mot noko.

57 deltakarar mellom 10 og 20 år deltok på Sommarsangdagen torsdag 25. juli på Sofienberg Ungdomsskule. Ein strålande dag fylt med høyrelære-workshop, korøving, sosialt samvær og leik vart avslutta med hentekonsert ute i skulegarden i sola.

– Vi var tidleg ute med å seie at alle instruktørar vi har engasjert denne våren, skulle få betalt for eit alternativt opplegg, fortel Julie.

Sommersangdag2020 04

Stine Muri med dei minste barna i øving til felleskonserten.

Instruktørane Marthe Wang, Stine Muri, Marthe Susann Åndahl, Liv Astrid Dahl, Sverre Tollefsen Laupstad var allereie booka til Sommarsanguka, og slo sine kloke hovud saman for å lage eit intensivt opplegg som gav kjensla av Sommersanguka, og at deltakarane gjekk heim med nye erfaringar og kunnskap.

– Det var jo ei utfordring å tenke all logistikk på nytt, og i tillegg for ulike scenario – kva gjer vi om reglane blir sånn? Kva gjer vi om dei blir slik? Men vi hadde tett dialog med LNU, kommuneoverlege blant anna. Og Sofienberg ungdomsskole var veldig positive med ein gong vi tok kontakt.

Skulle ein tolke dei begeistra ansikta til ungdommane på slutten av dagen, kan ein trygt seie at Sommarsangdagen 2020 vart ein stor suksess!

Tekst: Torkjell Hovland

Sommersangdag2020 05

Liv Astrid Dahl i aktiv høyrelære!

Sommersangdag2020 07

Liv Astrid Dahl heldt høyrelære-workshop

Sommersangdag2020 02

"Do-Re-Mi-Fa..."

Sommersangdag2020 03
Sommersangdag2020 17
Sommersangdag2020 16
Sommersangdag2020 13
Sommersangdag2020 12
Sommersangdag2020 11
Sommersangdag2020 10

Felleskorøving

Sommersangdag2020 09
Sommersangdag2020 08
Sommersangdag2020 14