Nyheter  Fredag 18. november 2022

Endelig korweekend i full skala med 250(!) barn

Denne helga var det klart for den 17. Korweekenden til Ung i Kor Oslo. Denne gongen vart Tåsen skole fylt av songar frå Disneyuniverset.

IMG 5609

Laurdag morgon møtte spente barn opp for Korweekend. 18 kor frå heile stor-Oslo – frå Asker og Bærum til Nittedal. Og endeleg, etter nedskalerte pandemiutgåver utan overnatting, var det klart for Korweekend slik det skal vere.

Borna vart delt inn i grupper og tildelt sine instruktørar for workshops gjennom dagen. På kvelden var det samling kiosk og kino med visning av filmen Luca, før det var klart for leggetid på klasseromma – som kan vere spennande nok i seg sjølv! I Korweekend ligg det mange slags viktige erfaringar for ungane.

Gjennom dei to hentekonsertane på søndagen, fekk over 600(!) foresatte med seg slagerar som "En sirkel av liv" frå Løvenes Konge, "Superkalifragilistiskeskpedaliarisk" frå Mary Poppins og "You've got a friend in me" frå Toy Story.

Dagleg leiar i Ung i Kor Oslo, Ida Zalk vil sende ei spesiell takk til alle foresatte som var til stades:
– Det var heilt essensielt for gjennomføringa at dei rundt førti vaksne frå kora kunne vere tilstades heile helga i tillegg til det frivillige arrangørteamet frå styret vårt.

...Skikkelige gode sangpedagoger fører til skikkelig stor korglede. Det er et trøkk og en entusiasme i fremførelsen... ...Avslutningskonserten på Korweekend gikk rett i tårekanalene...

Tilbakemeldinger fra et av korene.

IMG 5577
IMG 5617